Omtale fra forlaget
Automatiseringsteknikk 2 handlar om praktisk reguleringsteknikk. Boka dekkjer fagområda dokumentasjon, pådragsorgan, PID-regulering, regulatorjustering, kaskaderegulering, framoverkopling, forholdsregulering, parameterstyring, prosessdata, klimaanlegg, CNC-styrte maskinar, instrumentrøyrlegging og vedlikehaldsteknikk. Denne reviderte utgåva er utvida med instrumentrøyrlegging og ein ny dynamisk simulator om framoverkopling. Boka sine teoriar knyter praktisk bruk med nedlastbare tekniske spesifikasjonar til utstyr som blir behandla i boka. På boka sine nettressursar kan brukaren finne konkretiserande animasjonar, videofilmar og laste ned dynamiske simulatorar. Målgruppa for boka er VG2 og VG3 automatisering i vidaregåande skule og elevar på teknisk fagskule, eller på studieretningar der automatisering ikkje er hovudfaget. Bjørnar Larsen har undervist i automatiseringsfaget i skule og industri i ei årrekkje. Han har vore medlem i fleire fagprøvenemnder i 18 år og har skrive meir enn 30 lærebøker og kompendium for skule og industri.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2018
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211030962
EAN 9788211030962
Språk Nynorsk
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket