Omtale fra forlaget
Atlanterhavet er verdas nest største hav, og dekkar nærmare ein femtedel av jordas overflate. Det skal ikkje mykje til å føle seg liten idet ein flyg over. Som Ruth Lillegraven gjorde, på veg til tre dager på Svalbard. Jobb, ikkje ferie. Innpakka i ein kollektiv identitet (jobben) som ho, der nede, på landjorda, i det vanvittig blå og kvite landskapet, så skriv seg ut av, «frå tidsklemma/ og vaksenklypa ... til sjølve eventyret». Berre smak på namnet: Longyearbyen. Og tanken: Ein stad og ei verd du for første gong ser med eigne augo, for første og kanskje siste, kven veit? Og i det skuet, i den vissheta, oppdage Atlanten i ein sjølv, som tankane, kjenslane, handlingane våre («alt dette som vi er vi er vi er») flyg over kvar einaste dag.
I Atlanten skriv Ruth Lillegraven dikt om og utifrå det lille kvardagslige eventyret som vi alle er del av frå tid til annan: Nokre få dagar på ein ny, framand stad, «langt/ langt bortanfor landet/ det faste».
Forlag Flamme
Utgivelsesår 2015
Format Heftet
ISBN13 9788282881449
EAN 9788282881449
Språk Nynorsk
Sider 25
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket7 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket