Omtale fra forlaget
Omsorgsarbeidaren Astrid Haugen
Astrid Haugen (1915-94) frå Leveld, Ål i Hallingdal brukte sitt liv i tenest for sambygdingar. I ei tid då det offentlege hjelpeapparatet enno var lite utbygt, stilte ho opp når einkvan var sjuk, når eit barn skulle kome til verda eller ein eldre person trong hjelp.
Slike som Astrid, dei lokale omsorgsarbeidarane, fekk sjeldan fortenestmedaljar og omtalar ved runde år eller livsslutt. Dei hadde knapt nok ein yrkestittel eller ein yrkesstatus, og ikkje dei verneordningane som gjaldt i det meste av arbeidslivet. Og dei er ei så å seie bortgløymd yrkesgruppe i norsk historie. Men folk i bygd og by var avhengige av at slike fanst.
Med Astrid sine dagbøker og notat, ymse lagsarkiv, informantar og eigne minne som kjelder, og med eit omfattande biletmateriale i fargar, presenterer Borgny Feten Astrid sitt liv. Olav Randen set i ein sluttartikkel Astrid si gjerning inn i ein historisk samanheng.
Leveld kunstnartun, som omfattar huset til Astrid, loftet etter Jens Bjørneboe, ein tidlegare lærarbustad og eit moderne bygg, står saman med Boksmia forlag om å lyfte Astrid og dei lokale omsorgsarbeidarane inn i historia.
Forlag Boksmia forl.
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788291871349
EAN 9788291871349
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt sted Buskerud
Omtalt person Astrid Haugen
Språk Nynorsk
Sider 153
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket