Omtale fra forlaget
Arkitekt Peter Helland-Hansen (1917-1984) teikna tidlause einebustader og restaurerte våre vakraste kyrkjer, men sette endå større spor etter seg som kulturvernar med ulike verv i m.a. Fortidsminneforeningen. Han aksjonerte tidleg for vern av trehusmiljøa i Bergen, og hans kløkt og milde diplomati kom til nytte i vitaliseringa av Bryggen. Som rådgjevar bidrog han til vern og fornying i universitetsområdet på Nygårdshøyden.
Interessa for eldre byggeskikk låg i botn for alt han gjorde. Når han teikna nye hus, var han oppteken av samspelet med landskapet. Når han restaurerte, var det viktig for han å gjera synleg korleis bygningen hadde utvikla seg.
Denne boka fortel historia om arkitekten, restaureringsarkitekten og vernaren Helland-Hansen. Som student og aktiv motstandsmann hamna han i tysk fangenskap, og han jobba som arkitekt under gjenreisinga i Finnmark før han i 1950 vende heim til Bergen og mange ulike oppdrag på Vestlandet. Men kvar sommar gjekk turen til Olden, til familien sin feriestad med sommarkontor for arkitekten i Jo-stova.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788279593324
EAN 9788279593324
Omtalt tid 1945-1999
Omtalt person Peter Helland-Hansen
Språk Nynorsk
Sider 175
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket