Arbeid med meining

om strukturelle, kulturelle og individuelle tilhøve som påverkar det kyrkjelege arbeidsmiljøet

av (forfatter).

Tapir akademisk forlag 2007 Heftet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Rapporten fortel om resultata frå eit prosjekt i Møre bispedøme, kor ein har fokusert på arbeidsmiljøet for dei kyrkjeleg tilsette. Ein har sett på kva faktorar som skaper gode arbeidsmiljø for ei tilsette og legg vekt på kva som gjer kyrkjelyden til ein god arbeidsplass.

Omtale fra forlaget

Om strukturelle, kulturelle og individuelle tilhøve som påverkar det kyrkjelege arbeidsmiljøet Den norske kyrkja har dei seinare åra opplevd fleire djuptgripande konfliktar mellom personar som er tilsette i kyrkja. Nokre av desse sakene har hamna i rettsalen, medan andre har vore bretta ut gjennom reportasjar i massemedia. Samstundes opplever vi at tilsette klagar over stress, tidspress og vanskelege arbeidstilhøve. For ein del personar vert det sjukmeldingar og lange permisjonar. For andre vert det skifte av arbeidsstad eller skifte til eit anna yrke. Arbeidsmiljøet har mange stadar manglar både når det gjeld dei ytre, fysiske tilhøva, og når det gjeld dei sosiale eller psykososiale tilhøva. Men det er vanskeleg å få tak på omfanget av, årsakene til og samanhengen mellom dei ulike problema. Dermed vert det også vanskeleg å arbeide med førebyggande tiltak. Denne rapporten er resultat av eit prosjekt som har fokusert på arbeidsmiljøet for kyrkjeleg tilsette i Møre bispedøme, og baserer seg i hovudsak på intervju med alle tilsette i seks kyrkjelege stabar. Problemstillinga kan kort formulerast slik: Kva faktorar eller tilhøve er det som skaper gode arbeidsmiljø for dei kyrkjeleg tilsette? Med faktorar og tilhøve tenkjer vi særleg på tilhøve i strukturane og rammevilkåra for dei tilsette sitt arbeid, på tradisjonar, rutinar og meir kulturelt avhengige tilhøve. I undersøkinga la vi difor mykje vekt på å få fram kva som gjer, eller ville gjere, kyrkjelyden til ein god arbeidsplass. Rapporten vert avslutta med eit kapittel som ser nærare på dei største utfordringane for stabane og kjem med konkrete framlegg til tiltak som kan settast i verk for å hjelpe stabane til eit godt arbeidsmiljø. Forfattaren Magnar Hjertenæs (f. 1962) er cand. polit. og arbeider som førstelektor på Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Han har i tillegg sidan 2001 hatt ei deltidsstilling som rådgjevar for Møre bispedømeråd.

Bokdetaljer

Forlag Tapir akademisk forlag

Utgivelsesår 2007

Format Heftet

ISBN13 9788251921954

EAN 9788251921954

Serie KIFO rapport (30)

Omtalt sted Møre og Romsdal

Språk Nynorsk

Sider 148

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket