Omtale fra forlaget
Tarjei Vesaas er ein av dei fremste forfattarane i norsk og nordisk litteratur på 1900-talet. Denne monografien er den første i seinare tid som tar for seg eit stort utval av forfattaren sine romanar, noveller og dikt, og som dermed gir ei samla framstilling av forfattarskapen. Jamvel om boka legg vekt på heilskapen i forfattarskapen og forholdet mellom dei ulike tekstane, kan ho også lesast i delar, alt etter ulike lesarinteresser for bestemte tekstar eller sjangrar. Forfattaren studerer tekstane ut frå historiske, estetiske og litterære perspektiv, og boka vil vere interessant både for allment litteraturinteresserte, norsklærarar, litteraturstudentar og fagpersonar i høgre utdanning. Steinar Gimnes (f. 1939) er professor emeritus ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU. Sidan hausten 1972 har han vore amanuensis, førsteamanuensis og professor ved NTNU i Trondheim. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om norsk litteratur og har spesielt arbeidd med forfattarskapane til Knut Hamsun, Cora Sandel, Camilla Collett og Tarjei Vesaas
Forlag Akademika
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788232100552
EAN 9788232100552
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt person Tarjei Vesaas
Språk Nynorsk
Sider 506
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket