Omtale fra forlaget
Anders Svor (1864-1929) var ein av dei fremste norske bilethoggarane i si tid, og ein av få norske kunstnarar som har fått sitt eige museum, i heimbygda Hornindal i Nordfjord, opna 1953.
Svor gjekk i lære både i Kristiania, København og Paris. Frå 1895 budde og arbeidde han i Kristiania/Oslo. Gjennombrotet kom i 1891 med gullmedalje for skulpturen «David» i Berlin. I 1892 vann han tevlinga om Tordenskiold-monumentet. Svor var i alle år svært produktiv og sikta høgt, med tallause oppdrag og utstillingar i Noreg, Tyskland, Frankrike, England, Sverige, Danmark, USA og Brasil.
Anders Svor sine skulpturar er i naturalistisk stil, uttrykksfulle, vare og vakre. Han laga òg byster og skulpturar av kjende personar innan norsk kultur, politikk og samfunnsliv. Mange av kunstverka står utandørs i Oslo og andre norske byar og bygder.
Boka fortel også historia om Anders Svor Museum i Hornindal, som har dei fleste av Svor sine arbeid. Boka er rikt illustrert og inneheld verkliste over Anders Svor sine arbeid.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788282400848
EAN 9788282400848
Omtalt person Anders Svor
Språk Nynorsk
Sider 144
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket