Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka inneheld stoff og oppskrifter om maten og matskikkane i Sogn og Fjordane, ordna etter årets gang. Boka er ein oppfølgjar til Fjordamat (1999), og dei to bøkene er ordna i eit felles register. Med kjelder, emne- og alfabetisk register.
Omtale fra forlaget
Lurer du på kva du skal servere i konfirmasjonen eller bryllaupet? Eller vil du gjerne bake julekakene på tradisjonelt vis? I denne boka finn du eit vell av stoff og oppskrifter om maten og matskikkane i Sogn og Fjordane, ordna etter årets gang. Boka følgjer året frå faste til jul, med høgtider og merkedagar i tur og orden.
ALLE TIDERS FJORDAMAT
er oppfølgjaren av suksessboka .FJORDAMAT.. Denne gongen legg vi meir vekt på maten dei siste femti åra, og presenterer menyar både til dagar som feitetysdag og 17. mai, påske og jul, dåp, konfirmasjon og bryllaup. Boka inneheld 434 oppskrifter og over 250 foto frå heile fylket.
FJORDAMAT og ALLE TIDERS FJORDAMAT er til saman eit praktverk på over 500 sider med 757 oppskrifter, ordna i eit felles register. Bøkene bør vere både til glede og nytte, ikkje berre for dei med tilknyting til Sogn og Fjordane, men for alle med interesse for norsk matkultur.
KARI STØFRINGSDAL (f. 1947) er bondekone i Jølster og styremedlem i Norges Bygdekvinnelag og tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna faglærar i husstell og har gjennom ei årrekkje halde kurs i matlaging.
ÅSE KONGSVIK (f. 1962) driv Henjatunet gardskjøken i Leikanger, der ho for det meste brukar lokale og/eller økologiske råvarer.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2002
Format Innbundet
ISBN13 9788291722290
EAN 9788291722290
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 287
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket