Omtale fra forlaget
Årboka for Sogn og Fjordane 2015 gjev deg eit ekte, usminka bilete av Sogn og Fjordane. I den 23. utgåva har vi fått plukka fritt i lokalavisene og regionavisene sine saker frå året som har gått. Gjennom ei god blanding av politikk, næringsliv, idrett og kultur, ispedd døme på den lunefulle naturen og tragiske hendingar med brannar og ulukker, er målet å vise fram eit variert Sogn og Fjordane i kvardag og fest.
2015 har ikkje vore prega av dei store og spektakulære hendingane. Likevel vert vi stadig minte på at marginane kan vere små. Dette gjeld til dømes dei som var i stor fare i Skatestraumtunnelen og i Gudvangatunnelen då tunge køyretøy eksploderte og tok fyr.
Årboka for Sogn og Fjordane 2015 syner fram sterke personar som står oppreiste i vanskelege tider. Vi møter personar som har gjort utradisjonelle val, og vi møter personar som vert tekne ut av deira naturlege miljø og må prøve seg i framande situasjonar.
På sportsfronten heidrar vi utøvarane våre, særleg innanfor skiskyting og skihopp, som markerer seg internasjonalt. Stor merksemd får sjølvsagt Eirik Bakke og Sogndal som på imponerande måte returnerte til eliteserien på første forsøk. Men vi tek også pulsen på den lokale idretten, som alltid ligg i botnen for dei .store" prestasjonane.
Faktadelen inneheld spennande talmateriale om til dømes folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv. Boka inneheld over 500 bilete og har eit namneregister med 1000 namn.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788282400992
EAN 9788282400992
Språk Nynorsk
Sider 272
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket