Omtale fra forlaget
Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir?
Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag, polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar. Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte.
Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med andrespråkslæring som spesialfelt. Han har fleire års erfaring med norskundervisning for utlendingar, blant anna ved universitetet i Stavanger, i den vidaregåande skolen og på bedriftsinterne kurs.
Forlag Tapir akademisk forlag
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788251927192
EAN 9788251927192
Språk Nynorsk
Sider 84
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket