Omtale fra forlaget
Dei fer bort frå sivilisasjonen dei kjenner for å danne ei ny samfunnsordning. Dei ror over fjorden, går i land på ei folketom øy og brenner båtane etter seg. Her skal det ikkje vere herskarar og undersåttar, her skal dei slette kvart einaste spor av det livet dei har levd. Barna skal gløyme kvar dei kjem frå, familiestrukturar skal løysast opp: alle vaksne skal vere tanter og onklar, alle barn systrer og brør. Dei skal leve av det naturen gjev dei, om nødvendig jage ein hjort i døden for å få mat. Men så vert ein av brørne sjuk, alvorleg sjuk. Og ei av systrene, ei tretten år gamal jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter. Evna hennar er ei gåve, men òg ein trugsel – mot ho, og mot det isolerte samfunnet ho lever i. Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar Svanhild Amdal Telnes eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert. Bokmeldarane meiner: "I Å jage ein hjort i døden glir jenta som forteller, og en hjortekalv hun møter i skogen, over i hverandre: «eg er både hjorten / og jenta som ligg i buskane.» Diktsamlingen er som hjorten – omskiftelig og flyktig i sin symbolikk, men i høyeste grad også substansiell." Maria Dorothea Schrattenholz, Vinduet "Sjølv om dikta skildrar overskridande krefter, er dei disiplinerte, berre sjå alle dei gjennomførte motiva som har med overgangar, overskridingar og overgangsritar å gjere: overgangen frå fastlandet til øya, frå sivilisasjon til eit arkaisk, enklare samfunn, frå fellesskapen til individ til utanforskap, frå barn til vaksen, frå menneske til dyr. Språket er undrande, roleg, og det eig ei særeigen rørsle og kraft." Sindre Ekrheim, Dag og Tid "Telnes er god på å belyse ubalansen som kan oppstå i et samfunn der ingen i prinsippet eier noen ting." Tora Ask Fossen, BLA
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2021
Format Lydfil
ISBN13 9788205560048
EAN 9788205560048
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Nokre gonger kan ei diktsamling likne svært på ein roman. Dikta i samlinga Å jage ein hjort i døden utgjer ein klar heilskap, ein samanheng og kronologi som ikkje kan stokkast om på. Lesaren får servert ei historie, rystande, men svært godt skriven. Ei grupe menneske flyttar ut til ei øy for å starte sitt eige samfunn på sida av storsamfunnet. Det liknar mistenkjeleg på ei slags sekt. Historia er fortald gjennom ei tretten år gammal jente, og perspektivet er hennar.
Dikta fungerer som dikt, men sidan dei er ein så tydeleg del av heilskapen, vil fleire av dei fungere dårleg utanfor samlinga. Dette er ikkje ein veikskap ved dikta, snarare ein styrke.
Sidan forteljinga har diktform, må ein tolke litt meir sjølv enn ein vanlegvis må som romanlesar, men det er likevel ikkje vanskeleg å få med seg historia her. Når boka er ferdiglesen, det tek ikkje lange belet, sit eg overvelda tilbake. For eit språk! For ei historie! Dette er ei diktsamling som vil sitje i meg lenge. Anbefaler denne sterke og særs gode leseopplevinga!
En nydelig diktsamling om hvor skjørt og vanskelig livet kan være når man velger å leve isolert.
En gruppe mennesker bestemmer seg for å bryte med samfunnet og bosette seg på en øde øy og danne et nytt samfunn. Vi følger jeg-et som er en 13 år gammel jente som viser seg å ha legende krefter. Det skal vise seg at det ikke bare er en gave...
Les gjerne hele omtalen min her.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketMe rodde ut ei nått
for åtte år sidan,
båtane bar oss høgtideleg over fjorden.
Tante har fortald at ho
bann båtane etter oss,
dei vart bål på stråndi
som kunne sjåast frå fastlandet,
fyrverkeri av flammur som varte
i mangetimar, før sprakinga til slutt stilna og
ei tynn strime av røyk vart det siste sporet:
Ei helleristing på himmelen,
forteljande om eit folk som fór.
Eigedom er ein felles fiende ein gjer lurt i å halde kjeft om.
12 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketMitt eget lesemål for 2023 er å lese flere dikt og diktsamlinger. Bøkene er lagt inn kronologisk etter når de ble lest, mao. er den første boka lest i januar og den siste i desember.