Omtale fra forlaget
A New Scoop er eit læreverk i engelsk for 5.-7. trinn. Grunnbøkene i A New Scoop er temabaserte med tekstar som legg til rette for tilpassa undervisning både når det gjeld læringsmetodar og nivå. Oppgåvene i A New Scoop 6 Workbook er nært knytte til tekstboka. Begge bøkene legg vekt på differensiering og variasjon slik at du som lærar lett kan planleggje og tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev og klasse. I A New Scoop 6 Workbook finn du grammatikk og fonetikkoppgåver. Her er også oppgåver som trekkjer inn matematikken i engelskfaget. Vi har teke omsyn til at ikkje alle lærer på same måten, og oppgåvene er varierte slik at alle kan finne noko som passar deira læringsmetodar og preferansar. For å gjere elevane bevisste si eiga læring har vi laga læringsmål til kvar unit. Kvart kapittel har også ei innleiing med der eleven blir kjend med kompetansemåla for kvart emne. Etter kvart kapittel kjem det ei oppsummering der elevane sjølv får vurdere kva dei har lært. Desse oppsummeringene er eit godt utgangspunkt for elevsamtalar. A New Scoop 6 Workbook er fleirgongsbok.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788252167672
EAN 9788252167672
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 160
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket