Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Med drama og karakteriserande personskildringar vekslar dette verket mellom alvor og skjemt. Her er lovtalar for Eros, framført av ei gruppe menn rundt drikkebordet, og det handlar om ulike former for kjærleik, og kjærleiken til filosofia. For alle som les filosofi.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 1995
Format Heftet
ISBN13 9788252143072
EAN 9788252143072
Språk Nynorsk
Sider 107
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Kjerna i denne stutte boka er seks innlegg om Eros eller kjærleiken. Kvar tale er lagt i munnen på kjende atenarar frå gullalderen for 2 500 år sidan. Kvifor lese ho i dag? Emnet er sjølvsagt interessevekkande, men det er innramminga som gjer boka så morosam. Kvar tale fortel noko om personlegdommen til talaran, anten han er lækjar eller forfattar av skodespel, som Aristofanes. Lækjaren Eryximakos er svært så sakleg og jordnær, medan Aristofanes' tale er fantasifull og herleg usannsynleg.
Mest plass får naturleg nok Sokrates som gir ei poetisk oppsummering og drøfting av dei fem fyrste innlegga. Men i røynda er talen hans lagt i munnen på Diotema, ei kvinne som rett nok ikke er til stades i dette mannlege drikkegildet.
Gjendiktinga til nynorsk frå 1972 fann eg stundom ganske tung. Difor berre fem poeng for eit meisterverk.
Abstrakt om kjærlighet. Interessant og til tider morsomt.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDet hadde vore fint, ..., dersom det var slik med visdommen at han rann over frå den fullaste til den tommaste av oss...
Det er sanninga du ikkje kan mæle mot, kjære Agaton; for å mæle imot Sokrates er ikkje vanskeleg.
Tanken var at når mannen råka ei kvinne og tok ikring henne, skulle dei avle born og auke ætta, og når mann råka mann, skulle dei i minsto bli nøgde av samværet og få kvile og så ta til med arbeid og andre interesser i livet.
Og å døy for ein annan, det er åleine dei elskande villige til, ikkje berre menn, men kvinner òg. (Talen til Faidros).
Skjønnlitteraturen for 2009 - Hamsun-året