Omtale fra forlaget
Sivert har ikkje ein einaste ven. Han lespar og er blant dei minste i sjuande klasse. Og så har han ei syster med Downs syndrom.
Ein dag byrjar det ein ny gut på skulen. Han heiter Petter og blir besteven med Sivert. Men han finn også på ting som ikkje er heilt lovlege, og som set Sivert sitt liv i fare.
Kva gøymer seg bak den tøffe maska til Petter?
Korleis skal Sivert kome seg ut av alt det skumle han viklar seg inn i?
Og kva med pappa? Kvifor oppfører han seg så rart?
Jenny Ødven Snildal er oppvaksen på Sandane, men bur no i Naustdal i Sunnfjord kommune. Ho har jobba i mange år innan Den norske kyrkja, med stillingar både innan administrasjon og arbeid for barn og unge.
Tidlegare har ho gitt ut barnebøkene Bakanfor og Serafel. For den siste fekk ho Emmausprisen.
Bokdetaljer
Forlag
Skriveakademiet
Utgivelsesår
2024
Format
Innbundet
ISBN13
9788293636502
EAN
9788293636502
Språk
Nynorsk
Sider
114