Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Når mora døyr, blir Marta og systera sett bort til nære slektningar. Dei har ikke med seg nokon arv. Marta går gjennom heile livet utan å eiga noko, men saknet etter systera, håpet om ein stad å høyra til, og kjærleiken til natur og arbeid let henne sjå menneska og verda utanfrå, og nåden openberrar seg i glimt på uventa stader.
kvar dag
vinna dyrkjøpt nåde
og kvar natt falda hender
kring same bøn
vesle spire djupt i myrkre
vil du ein gong kjenna sola varma
vinden svala og vatnet styrkja
eller strekkjer du deg fåfengt
under alt som var
før di tid
det som har ervt sin rett
Anne Rivenes er fødd i 1969 og bur på Voss. Ho har jobba mange år som journalist, men er også sauebonde og yogalærar. «Nåden: Ormen og lammet» er hennar første bok.
Forlag Bonnier norsk forlag
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788234717017
EAN 9788234717017
Språk Nynorsk
Sider 76
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Dette er bare nydelig!
Jeg har lest, lett blank i øynene. Og jeg har lest mange av setningene på nytt, flere ganger, fordi det er så vakkert.
Skrevet på dialekt, sårt og vakkert melankolsk.
Denne synes jeg flere skal lese 🙏🏻❤️
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1925
dagen
mor skulle møta Gud
stod Olga og eg att heime
mor låg plankekledd på sleden
raudehesten vrengde augo
og stega skeivt inn i skjækene
iltre ord frå drengen
stogga av harde augnekast
I Jesu namn
på denne dag
han held
alle stjernene i handa
kjenner kvar stein i kalde elv
kvar flimrande fugleveng
og tyngda av ei
tåre
stien mellom orda
glatte steinar inst i minnet
rognebærtreet har greiner tunge av hjartesyljer
naturen
tillet ikkje tomrom
når noko vik, vil anna veksa