2014
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kvifor er språket vårt så fullt av nederlandske ord og uttrykk? Og kvifor har så mange nederlandskproduserte gjenstandar funne vegen til norske heimar? Korleis kan det ha seg at så mange innbyggjarar i Norge har nederlandske etternamn og at øyer og havområde i nord fekk nederlandske stadnamn? Ved å sjå nærare på kontakten mellom Norge og dei nederlandske småstatane i perioden 1550 - 1750, finn Margit Løyland svaret. Norske kvinner og menn søkte seg til dei nederlandske småstatane for å finne arbeid innanfor skipsfart, handverk og hushald. Hollendarane søkte også til Norge. Her fann dei etterspurde råvarer, og hollandske skuter frakta tømmer og trelast frå Norge og ut i verda lenge før vi fekk vår eigen handelsflåte. Dette har prega ettertida meir enn dei fleste er klar over. Denne rikt illustrerte boka gir eit eineståande møte med Hollendartida i Norge og med dei nederlandske trekka i dagens norske kultur.
Forlag Spartacus
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788243006850
EAN 9788243006850
Omtalt tid 1700-tallet 1500-tallet 1600-tallet
Språk Nynorsk
Sider 208
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket