Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Dramatikken i kvardagen. Solfrid Sivertsens noveller er sterke og lågmælte, med ein dramatikk som syd under overflata. Nokre av dei har synsvinkelen til barn: ein busstur vekk frå ein alkoholisert far, eit sakn etter ein stefar som er forsvunnen, ei veslesøster som har drukna, ei linje frå ei historie som har sett seg fast i hovudet. Andre noveller krinsar rundt minne som dannar utgangspunkt for historier om eit heilt livsløp: Ei kvinne har flytta heim til mor si etter eit samlivsbrot, ein mann er i ferd med å miste minnet på sjukeheimen, ei kvinne oppdagar at mannen har eit dobbeltliv. Felles for alle novellene er at dei har ein kvardagsleg og nedtona dramatikk og ei sårheit som skin gjennom hos hovudpersonane.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788252195323
EAN 9788252195323
Språk Nynorsk
Sider 139
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDagane draup ut av tida, ein etter ein.
Alle hus har ansikt, nokon ser ut som dei skrik, det er dei med to vindauge oppe og to nede, og så er det dei som ser sinte ut, med to smale vindauge oppe og ei dør nede, og dei som smiler med ein stor veranda på framsida, som mange, lange tenner. Vårt hus ser litt forundra ut, for eitt av vindauga er mura igjen.
Og det er noko med denne sommaren som ikkje stemmer, sjølv om eg prøver å få det til å stemma. Som når ein vil fanga snøfnugg og dei smeltar før dei når handflata. Eller når ein veit at puslespelbitane ikkje passar, men prøver å pressa dei ned likevel.
Om nettene kom bilda tilbake, mørkare, tydelegare, flerra søvnen til sides som ei gardin, eg sette meg opp i senga og hiksta, såg opp i det gråmala taket, bak hjerteslaga syntest eg at eg høyrde den trillande latteren.