Annleislandet Svalbard

små liv i storpolitikken

av (forfatter).

Samlaget 2023 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Hilde H Helseths eksemplar av Annleislandet Svalbard - små liv i storpolitikken

Lesetilstand

Ønsker meg denne.

Hylle

Polarhistorie

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Endestasjon lengst mot nord.

Journalist Line Nagell Ylvisåker har budd på Svalbard sidan 2005. Ho har hus og familie der, men ein gong må ho flytta derifrå. Det er ikkje lagt opp til at ein skal bu på øya heile livet, Svalbard har ikkje fastlegar eller sjukeheimar. Line er norsk statsborgar og kan flytta til fastlandet når ho ønskjer, men ikkje alle har den moglegheita.

Svalbardtraktaten i 1925 gjorde øygruppa Svalbard til ein del av Noreg, men også heilt annleis. Det er den einaste staden i verda der menneske kan slå seg ned utan visum eller opphaldsløyve. Alle kan busetja seg der, men ein må ha jobb eller pengar nok til å brødfø seg, og ein stad å bu. Utan det blir ein send heim av politiet. Det bur berre litt over 3000 menneske på heile øygruppa. Den norske busetnaden Longyearbyen er blitt ein smeltedigel av folk frå fleire enn femti nasjonar. Delen ikkje-norske aukar raskt. Den nest største folkegruppa kjem frå Thailand. For dei finst det ikkje noko tryggleiksnett, berre ein brutal arktisk natur. Svalbard skal ikkje vera ei bakdør til Fastlands-Noreg. Asylsøkjaren Omid fekk ikkje opphald i Noreg, reiste til Longyearbyen og er ein fri fange i ishavet. Tenåringsjenta Varisa er norsk i språk og kultur, men har thailandsk pass og dermed ingen rettar i Fastlands-Noreg.

Berre 40 kilometer vest for Longyearbyen ligg den russiske busetnaden Barentsburg. Der har russarar og ukrainarar budd side om side sidan 1930-åra. Etter krigen i Ukraina er både arbeidarar og leiing skifta ut. Fleire av Putins motstandarar har flytta til Longyearbyen.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788234010644

EAN 9788234010644

Omtalt sted Svalbard

Språk Nynorsk

Sider 215

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Interessant bok om menneske frå ulike land og deira liv og skjebne på Svalbard. Ylvisåker vekslar mellom dette og den overordna geopolitiske skildringa av samfunnet der i dag. Her var mykje overraskande informasjon for meg. Særleg får ein opp augo for den vanskelege situasjonen ikkje-norske barn er i; «norsk oppvekst» med tanke på skule og språk utan nokon slags rett til å halde fram liva sine i Norge.
Lesverdig og velskriven bok om denne smeltedigelen i nord.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Eg prøver å forstå kvifor Noreg, som har nedfelt demokrati og menneskerettar i Grunnlova, og som kjempar for dette andre stader i verda, skal ta frå ein tredel av dei vaksne i byen stemmeretten. Kvifor har me ikkje nok tillit til verdisettet vårt til å læra opp menneske frå andre kulturar i demokrati i staden for å ekskludera?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og det å ha eit eige hus, kor viktig det er å ha ein stad som er eins eigen. A ha si eiga vesle verd som ikkje er heilt lik alle andre si, der ein kan stenga seg inne om ein vil. Der ingen kan seia at ho eigentleg ikkje høyrer heime, at ho berre er besøkande, same kor lenge ho blir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket