2023
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Noko er i gjære. Den norske sideren vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på verdas beste restaurantar. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark - kvar med sin særeigne stil. Siderprodusentane har mangedobla seg dei siste tiåra - og talet held fram med å auke. For berre 20 år sidan fanst ikkje norsk sider på Vinmonopolet, og det ville aldri falle ein vinkelner på ein respektabel restaurant inn å servere det til gjestar. Kva ligg bak den plutselege suksessen?
Å lage fruktvin og sider er ein gamal tradisjon med djupe røter i Noreg. For første gang blir forteljinga om den kommersielle, norske siderproduksjonen samla i ei bok. Vi kjem tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane som alle spelar ei viktig rolle i det norske sidereventyret. Lesarane får òg eit innblikk i dei forskjellige sidertypane, korleis siderproduksjon fungerer og tips til korleis ein serverer sider til mat.
Dette er òg forteljinga om unge bønder som satsar, om fantastiske råvarer og om eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788279593485
EAN 9788279593485
Omtalt sted Norge
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 255
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketTrengte ikke noen liste 3 for 2022, dette blir i steden liste 1 for 2023