2018
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
I denne humoristiske og spennande romanen møter vi ungkaren Jorulf, ein original og fantasifull oppfinnar og rimsmed. No er han endeleg er på veg til å bli noko stort ? og kanskje finne den store kjærleiken. Men der er mange skjer i sjøen, og alt blir annleis enn planlagt.
Ei plagsam sladrekjerring og ein fåmælt einstøing spelar viktige roller, og ikkje minst den vakre og smilande butikkdama, som dessverre ikkje har reint mjøl i posen.
Den varme humoren i boka, og mange komiske situasjonar, kallar fram smil og latter. Eit utspekulert fuglekremsel blir ikkje berre ein dundrande fiasko, men får heilt uventa etterspel.
Vanskar er til for å overvinnast, eller som Jorulf sjølv seier i eit av sine små dikt:
Ein stor oppfinnar
må prøve igjen
om alt seier stopp.
Ein verkeleg vinnar
blir berre den
som aldri gjev opp.
Forfattaromtale
Karsten Oksavik f. 1944 i Hjørundfjord (no Ørsta kommune) har vore lærar, spesialpedagog og logoped fleire stader på Sunnmøre til han vart alderspensjonist. Nokre små forteljingar og dikt vart trykte i Norsk Barneblad, andre vart brukte i "Søndagsposten" NRK. Ida Elisabeths kunstforlag tok med 17 av dikta hans i dei tobøkene "Før sporene forsvinner"( 2003) og "Gleder"(2005).
Forlag Publica
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788282514187
EAN 9788282514187
Språk Nynorsk
Sider 146
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket