Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Borghild veks opp på ein avsidesliggjande fjellgard saman med foreldre, bror og bestemor. I skulen blir ho mobba og utstøytt. Kjensla av å ikkje høyra til nokon stad tar ho med seg i møtet med verda og menneska gjennom livet. Ho flytter til byen og møter Gunnar, som ho seinare gifter seg og får barn med. Borghild strever med å leva opp til den normalitet og standard som dei andre husmødrene i byggjefeltet representerer. Ho utviklar ei sjukleg trong til å oppspora og slå ned på alle teikn til mobbing i nærmiljøet. Då møter ho seg sjølv i døra. Den utstøytte blir sjølv den som utstøyter.
Omtale fra forlaget
"Utstøytt" er ein roman om å falla utanfor, om ikkje å høyra til, og om korleis minne og det som kunne ha vore står i vegen for det som er og kan bli. Borghild veks opp på en avsidesliggjande fjellgard saman med foreldre, bror og bestemor. I skulen blir ho mobba og utstøytt. Kjensla av å ikkje høyra til nokon stad tar ho med seg i møtet med verda og menneska då ho flytter på hybel i byen for å gå på vidaregåande skule. I byen møter ho også Gunnar, som ho seinare gifter seg og får barn med. Borghild strever med å leva opp til den normalitet og standard som dei andre husmødrene i byggjefeltet representerer, med sine daglege ritual og gjeremål knytte til hus og heim, mann og barn. Ho utviklar ei sjukleg trong til å oppspora og slå ned på alle teikn til mobbing i nærmiljøet. Då møter ho seg sjølv i døra. Den utstøytte blir sjølv den som utstøyter. Når ho så først får jobb som lærar og seinare som journalist, får dette katastrofale utslag. Gradvis går livet til Borghild i oppløysning, i skuggen av dei vonde og trugande barndomsminna. I si første roman skildrar Heidi Hjorteland med varme, innsikt og innleving den sosiale utstøytinga og mobbingas mange andlet og avarter. I eit frodig, bilderikt og livfullt språk blanda med uventa observasjonar og frigjerande svart humor, ser forfattaren med eit kjenslevart blikk på intuitive og ubevisste samanhenger, og retter eit skarpt blikk på livets harde realitetar.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788281400719
EAN 9788281400719
Språk Nynorsk
Sider 428
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket