Utvalet var vel omlag som venta; ganske blanda, stort sett litt for dyrt, fann ikkje på langt nær alle bøkene eg hadde håpt å finne, men lot meg likevel friste til å handle inn bøker eg har vurdert tidlegare, samt nokre titlar eg ikkje har lagt merke til før.
Dette er det eg hadde høgast ynskje om å finne:
- Hundreåringen .. etc.(litt optimistisk, kanskje)
- noko av Fløgstad, gjerne Nordaustpassasjen
- Ildvitnet av Lars Kepler
- Egeland-bøkene som kom før Nostradamus' testamente
- Nådens omktrets av Jørgen Brekke
Bom på dei fleste her, men Hurra!, Nådens omkrets er bestilt.
I tillegg bestilte eg
- Huset ved moskeen, Kader Abdolah (nyskjerrig etter å ha lest omtalen)
- Jern, Torgrim Eggen (har lurt på denne ei stund)
- Botticellis hemmelighet, Marina Fiorato (dette blir mitt "bok med overdrive feminint omslag"-bidrag, ref tidlegare diskusjonsinnlegg )
- Fvonk. Erlend Loe (Har hittil endt opp med å kjøpe Loe-bøker eg ikkje liker fullt så godt som eg trur eg ville likt Naiv Super eller Tatt av Kvinnen, håper dette blir ein fulltreffer dog ...)
- Den døde i Barentsburg, Monica Kristensen (blanda kritikkar på denne, men eg prøver likevel)
- Gjenferd, Jo Nesbø (for dyr, men på tide med ei ny Harry Hole bok på meg. Har lest berre ei tidlegare)
- Juks, Erik Tunstad (ser ut for å vere passe nerdete for meg)
Eg vurderte rund 10 titlar i tillegg til dei ovenfor. Bokomtaler og diskusjonsinnlegg på bokelskere.no var til stor hjelp i utvelgingsprosessen.
Vonar det er fleire som hygger seg med mammutkatalogen i desse dagar.
Viser 6 svar.
Så at Ark hadde Hundreåringen..... med på Mammutsalget som ekstratilbud til 99 kroner.
Tusen takk for tipset. Er på nippet til å handle, men har også observert at boka er å finne som gratis velkomstpresang i den Norske Bokklubben. Har svidd av så mykje pengar på bøker i dag at eg må ta ein liten tenkepause på denne.
For hva det er verdt må jeg si at det er virkelig ei bok å kose seg med.
såååh ...
der gjekk hemningane overbord.
Hundreåringen er bestilt. Men så var det dette med fraktkostnadar då. Kr 45 i frakt, altså eit prispåslag på 46% på boka, men gratis frakt dersom eg kjøper for meir enn 300. Dermed blei
Flommens år (Margaret Atwood) og Hotel Eldorado (Tor Even Svanes) med på lasset. Fritt tilsendt.
Men spørsmålet eg stiller meg no er:
har eg vært lur, eller har eg vært lettlurt?
Hvis du medler deg inn som ARK- venn (som er gratis) er det fri frakt.
Takk for tipset, skal hugse på det til neste gang. No har eg bunkra opp så mykje lesestoff at det gjeng nok litt tid før neste handel .....