Korvidt ein ynskjer å lese papirbøker eller ebøker er nok eit personleg val for dei fleste, basert på vane og tradisjon, og då går det gjerne i papirboka sin favør. Eg vil tru det er noko av det same som får folk til framleis å kjøpe musikk på vinyl; det er på eit vis noko mindre framandgjerande ved det. Når det er sagt så er jo absolutt ebøker det fornuftige valet, både med tanke på ressursbruk, distribusjon og tilgjengelegheit, men trykkeria skal jo også ha noko å drive med.
Enig i dette. Den tradisjonelle TV-plattformen er full av irrelevant informasjon. Det at du kan bytte kanal gir ein illusjon av fridom, men systemet er jo grunnleggande totalitært. Dersom TV var utforma etter brukaren sine preferansar ville vi kunne velge nøyaktig kva vi ville sjå til eikvar tid.
Sjølv har eg ikkje TV, og betalar dermed ikkje lisens, men kan likevel fritt benytte meg av NRK sitt Nett-TV- og podcasttilbud, om eg vil. Pengane eg sparar brukar eg heller på kvalitetsfilm og vin.
Eg trur dette er dei eg har hørt mest på:
Portico Quartet: Isla; Zu: Carboniferous; Håkon Kornstad: Dwell Time; Karl Seglem: Norskjazz.no; Nils Petter Molvær: Hamada
Det blir nok lite nyttig å basere statistikk på dette, men eg førestelte meg at det på ein eller annan måte kan vera mulig å synleggjere at ein eig eit eksemplar av boka. Det kan vera noko så enkelt som ein kategori/bokhylle, men siden den då vil overlappe med dei andre bør han vel kunne utelatast frå kakediagrammet, f.eks.
Det er vel mange som lånar bøker både til og frå andre. Eg trur dette ville vore enklare dersom det var mogleg for brukarane å markere kva bøker dei eig sjølve.