Hmm. Eg las denne før han vart hypa og hadde ingen førestellingar om boka, anna enn at eg hadde lese andre bøker av McCarthy tidlegare, og eg likte den svært godt. Dersom eg hadde lese henne no, trur eg at eg hadde hatt mykje høgare forventningar, og kanskje blitt skuffa. Det er imidlertid ei ganske minimalistisk fortelling, slik eg hugsar henne, og det fungerte for meg.
Det er vel mange som lånar bøker både til og frå andre. Eg trur dette ville vore enklare dersom det var mogleg for brukarane å markere kva bøker dei eig sjølve.
Enig i dette. Den tradisjonelle TV-plattformen er full av irrelevant informasjon. Det at du kan bytte kanal gir ein illusjon av fridom, men systemet er jo grunnleggande totalitært. Dersom TV var utforma etter brukaren sine preferansar ville vi kunne velge nøyaktig kva vi ville sjå til eikvar tid.
Sjølv har eg ikkje TV, og betalar dermed ikkje lisens, men kan likevel fritt benytte meg av NRK sitt Nett-TV- og podcasttilbud, om eg vil. Pengane eg sparar brukar eg heller på kvalitetsfilm og vin.