Denne fotoboka liknar eit slags fotoalbum i utforming, og det er vel ei ganske karakteristisk Tomas Espedal-bok kva innhald angår. Den som har lese andre av hans bøker vil nok kjenne att biografiske forhold, og denne føyer seg inn idet sjølvbiografiske totalprosjektet hans. Eg ser at den albumaktige tonen i boka kan minne om Nan Goldin si klassiske fotobok The Ballad of Sexual Dependency, som eg òg faktisk ser liggande på eit av skriveborda til forfattaren, så det er vel neppe ei søkt samanlikning.

Elles er det ei fortellande bok som nyttar seg av fotografi som illustrasjonar, så det er ikkje så mykje gåtefullt ved bileta, men det er jo i tråd med fotoalbum-tradisjonen her, så det funkar, det.

Så handlar det jo mykje om tap og sorg, og bileta får liksom dette melankolske draget ved seg heile tida, så det kanskje kan bli litt mykje til tider. Utad så var eg skeptisk til konseptet, men det er ei fin (eigentleg ikkje, ikkje innhaldsmessig) bok som eg las med interesse. Eg las det nok mest som ekstramateriale til Espedal sine andre bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Heidi Nicoline ErtnæsPiippokattaAnneWangTor-Arne JensenRufsetufsaKirsten LundTatiana WesserlingNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAlice NordliTone Maria JonassenKnut HauglandTherese HolmHarald KSigrid Blytt TøsdalBeathe SolbergBjørg RistvedtINA TORNESTove Obrestad WøienHeidiMathiasSiv ÅrdalStine AskeJulie StensethmgeReidun Anette AugustinTrude JensenAnniken RøilVilde Gran JohansenHanne MidtsundMarit HøvdeBertyTone SundlandStig TTheaKaren RamsvikHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikRisRosOgKlagingEllen E. Martol