Dona Flor E Seus Dois Maridos

av (forfatter).

EDITORA RECORD 1987 Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Jostein Røysets eksemplar av Dona Flor E Seus Dois Maridos

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Eiga bok, lest 2013

Lesedato

2013

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Forlag EDITORA RECORD

Utgivelsesår 1987

Format Paperback

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Jorge Amado (1912-2001) er ein av Brasil sine mest populære forfattararar. Han var kommunist i sine unge år, og forfattarskapet i perioda 1931-1954 var til ein viss grad farga av den politiske ståstaden. Det å få bøkene sine brent av eit militærdiktatur er etter mitt syn eit heidersteikn nesten uansett, men eg er litt meir i tvil om kor stolt ein bør vere over å bli tildelt Stalins fredspris, noko Amado fekk i 1951. Dei fleste blir klokare når dei blir eldre, og utan å ta stilling til om dette gjaldt for Amado så kan ein i alle fall nemne at han meldte seg ut av kommunistpartiet i 1955.

Dona Flor e seus dois maridos (Fru Flor og hennar to ektemenn) er lagt til Salvador, hovudstaden i den brasilianske delstaten Bahia, på 1940-talet. Boka startar med at den første ektemannen, Vadinho, spelavhengig natteranglar og ein uforbederlig sjarmør, segnar om og døyr midt under karnevalet sjølv om han er berre midt i 30-årsalderen. I ein serie attersyn får lesaren vite om barndoms- og ungdomstida til Flor (eller Florípedes som ho egentlig heiter), om mora Rozilda som har ambisjonar på vegne av dei tre barna sine om å klatre i det sosiale rangsstigen, om møtet med Vadinho og korleis han vinn hjartet til Flor, og om det vanskelege samlivet med ein ranglefant og horebukk.

Enkefru Flor gifter seg etter eit par år på nytt, med Teodoro som i Rozilda sine auge er ein perfekt svigerson. Teodoro er i 40-årsalderen, farmasøyt og medeigar i eit veldrive apotek, spelar fagott i eit kammerorkester på fritida saman med eit distingvert persongalleri frå byen sin sosiale elite, og er på alle måtar ein heiderleg kar. Mykje av den siste delen av boka handlar om korleis Flor slitest mellom kjærleiken til den avlidne mannen, som ho trass eit vanskeleg samliv elskar over alt, og lojaliteten til Teodoro som ho også elskar. Ekstra vanskeleg blir det når Vadinho dukker opp på nytt ….

Det som virkelig løfter boka i mine auge er dei rike og detaljerte skildringane av byen og persongalleriet i den aktuelle tidsepoken. Amado skriv med humor og varme, og er åpenbart glad i byen og folket som bur der. Boka har eit stort persongalleri, og forteljinga er full av anekdoter om kvar av dei.

Språket er ei historie for seg. På tidspunktet boka blei skrive var Amado nyleg blitt medlem i det brasilianske litteraturakademiet, eit organ som har som oppgåve å røkte det portugisiske språket i Brasil, og det kan virke som om Amado har tatt denne oppgåva alvorleg. Boka har eit særs rikt vokabular, det blir nytta mange synonym og tidvis repetisjonar, og med unntak av dei tilfella der dei uvanlege ordvala ser ut for å ha som motiv å lage bokstavrim i setningane (eit grep eg fann svært tiltalande) så blei dette eit forstyrrande element i leseopplevinga.

Alt i alt er dette ei bok eg gjerne skulle ha sett i norsk omsetjing. Boka har halde seg i popularitet i Brasil trass i at den er gamal, og den kjem stendig i nye opplag (min utgåve er frå 1987 og den var 45. utgåva i løpet av 21 år). Boka er omsett til mange språk, mellom anna engelsk, tysk, og spansk. Det er laga film, TV-serie og teateroppsetjingar med utgangpunkt i boka.

Fulltekst til den brasilianske boka finnest her.
Filmatiseringa frå 1976 (spansk undertekst) er å finne her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

.. ho ville berre tale vel om dei gode eigenskapane hans; den naturlege vensemda hans, at han alltid var klar til å vere solidarisk, lojaliteten til kompisane sine, og den udiskutable sjenerøsiteten hans (framfor alt dersom han kunne vere sjenerøs med andre sine pengar) ..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Mor, kva slags påfunn er dette med å seie til Teodoro at eg ynskjer å flytte? La meg fortelje deg ein gang for alle at både eg og han er godt nøgde med dette huset, og vi kjem ikkje til å flytte."
Fru Rozilda gløymde dei fine manerane ein augneblink og med ei nedlatande mine spytta ho til sides.
"Som om eg bryr meg. Kvar gris likar best sin eigen binge ...."
Fru Flor måtte anstrenge seg for å ikkje sprekke.
"Høyr her, mor. Eg veit godt kvifor du ynskjer at vi skal flytte til eit større hus. Du ynskjer å flytte inn til oss, men du kan gløyme den ideen med det same, eg kjem ikkje til å gi deg lov til det. Kom gjerne på besøk nokre dager, kva tid som helst når du har lyst. Men å bu hjå oss heile tida, det gjeng ikkje. Eg må fortelje deg rett ut: Du, kjære mor mi, er skapt til å bu aleine."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar