Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Jorge Amado (1912-2001) er ein av Brasil sine mest populære forfattararar. Han var kommunist i sine unge år, og forfattarskapet i perioda 1931-1954 var til ein viss grad farga av den politiske ståstaden. Det å få bøkene sine brent av eit militærdiktatur er etter mitt syn eit heidersteikn nesten uansett, men eg er litt meir i tvil om kor stolt ein bør vere over å bli tildelt Stalins fredspris, noko Amado fekk i 1951. Dei fleste blir klokare når dei blir eldre, og utan å ta stilling til om dette gjaldt for Amado så kan ein i alle fall nemne at han meldte seg ut av kommunistpartiet i 1955.

Dona Flor e seus dois maridos (Fru Flor og hennar to ektemenn) er lagt til Salvador, hovudstaden i den brasilianske delstaten Bahia, på 1940-talet. Boka startar med at den første ektemannen, Vadinho, spelavhengig natteranglar og ein uforbederlig sjarmør, segnar om og døyr midt under karnevalet sjølv om han er berre midt i 30-årsalderen. I ein serie attersyn får lesaren vite om barndoms- og ungdomstida til Flor (eller Florípedes som ho egentlig heiter), om mora Rozilda som har ambisjonar på vegne av dei tre barna sine om å klatre i det sosiale rangsstigen, om møtet med Vadinho og korleis han vinn hjartet til Flor, og om det vanskelege samlivet med ein ranglefant og horebukk.

Enkefru Flor gifter seg etter eit par år på nytt, med Teodoro som i Rozilda sine auge er ein perfekt svigerson. Teodoro er i 40-årsalderen, farmasøyt og medeigar i eit veldrive apotek, spelar fagott i eit kammerorkester på fritida saman med eit distingvert persongalleri frå byen sin sosiale elite, og er på alle måtar ein heiderleg kar. Mykje av den siste delen av boka handlar om korleis Flor slitest mellom kjærleiken til den avlidne mannen, som ho trass eit vanskeleg samliv elskar over alt, og lojaliteten til Teodoro som ho også elskar. Ekstra vanskeleg blir det når Vadinho dukker opp på nytt ….

Det som virkelig løfter boka i mine auge er dei rike og detaljerte skildringane av byen og persongalleriet i den aktuelle tidsepoken. Amado skriv med humor og varme, og er åpenbart glad i byen og folket som bur der. Boka har eit stort persongalleri, og forteljinga er full av anekdoter om kvar av dei.

Språket er ei historie for seg. På tidspunktet boka blei skrive var Amado nyleg blitt medlem i det brasilianske litteraturakademiet, eit organ som har som oppgåve å røkte det portugisiske språket i Brasil, og det kan virke som om Amado har tatt denne oppgåva alvorleg. Boka har eit særs rikt vokabular, det blir nytta mange synonym og tidvis repetisjonar, og med unntak av dei tilfella der dei uvanlege ordvala ser ut for å ha som motiv å lage bokstavrim i setningane (eit grep eg fann svært tiltalande) så blei dette eit forstyrrande element i leseopplevinga.

Alt i alt er dette ei bok eg gjerne skulle ha sett i norsk omsetjing. Boka har halde seg i popularitet i Brasil trass i at den er gamal, og den kjem stendig i nye opplag (min utgåve er frå 1987 og den var 45. utgåva i løpet av 21 år). Boka er omsett til mange språk, mellom anna engelsk, tysk, og spansk. Det er laga film, TV-serie og teateroppsetjingar med utgangpunkt i boka.

Fulltekst til den brasilianske boka finnest her.
Filmatiseringa frå 1976 (spansk undertekst) er å finne her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTine VictoriaG LBjørg Marit TinholtPiippokattaEvaanniken sandvikMarie HolterHanne Kvernmo RyeLinnTor-Arne JensenEllen E. MartolAnn ChristinKaren RamsvikEmil ChristiansenLinda NyrudLise MuntheTove Obrestad WøienDannyEgil StangelandAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne Berit GrønbechKnut HauglandNina SolåsRoger MartinsenInger-LiseLeseberta_23ToveBjørg  FrøysaaRandiAHilde H HelsethTone HGrete AastorpsiljehusmorMarianne MHarald KMarianne  SkageJan-Olav SelforsTheaReadninggirl30