StineMa har lest denne 1 gang. ( 2009. ).
Plassert i bokhylla Lånte bøker.
StineMas terningkast.

I løpet av vinteren har ho mista kontakten med dei fleste av studievenninnene sine. Dei viste seg å vere slik som ikkje skjønte at mørket kunne brukast til å sjå skrekkfilmar i, og at vinterstormane kunne tene som bakteppe for diskusjonar om store, russiske romanar. Arienette forsto at det ho eigentlig ville, var å vere aleine. Ein kunne alltid unnskylde den fjollete jenteheita deira så lenge det var sommar, men da ein av dei inviterte på kosekveld med ullpledd og "Idol" på hybelen, skjønte ho at det faktisk var alvor. Dei er slik heile tida, tenkte Arienette mens ho tasta ei unnskyldning på sms.

Han legg merke til alle forretningane og restaurantane som finst omkring og plutselig blir han gripe av dette arbeidsløysesyndromet igjen; han ser yrke overalt, ikkje bare dei folka som jobbar inne på jernvareforretninga, ikkje bare dei som jobbar med å frakte alt skrotet dei sel til butikken, han ser óg dei som har bygd huset, dei som har mala huset, dei som har laga malinga, for faen. Han stansar og stirar ned på asfalten. Det er noen som har lagt denne asfalten her for at eg skal kunne gå på den, tenker han, det er noen som har laga alle tyggegummiane som er blitt trampa ned i den, det er noen som har laga skoa som har trampa. Alt er yrke, tenker han, og begrip ikkje korleis det ikkje kan vere bruk for han noen stad.
Vil du være med å påvirke disse tallene? Oppgi fødselsår og kjønn på innstillinger, trill terningkast og markér en tilstand på bøkene dine.