Debutanten Linda Klakken får glatt terningkast 6 for boka "Den siste beatpoeten" - i utgangspunktet ei bok om San Francisco-poeten og forleggjaren Lawrence Ferlinghetti, men så mykje meir i tillegg - det har vorte til den ultimate boka (på norsk, i det minste) om beat-poesien - om Jack Kerouac, Allan Ginsberg og alle dei andre. Om beat-poesien i Noreg - Jón Sveinbjørn Jónsson, no død, intervju med Jan Erik Vold og andre, om jazz, om Linda Klakken si reise på lukke og fromme til San Fransico april 2009, med eit håp om å treffa Ferlinghetti. Det er ei herleg personleg bok, velskriven, eg vart fanga inn frå første side, takk vere nettopp Linda K. sitt personlege engasjement og skrivestil. "Den siste beat-poeten" er desidert boka for deg som var for ung til å få med deg 50- og 60-talet, for deg som berre er litt interessert i poesi. Desse folka forandra verda. Eg ønskjer LK eit langt liv som poesi-skribent.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Å, nå fikk jeg kjempelyst til å lese denne! Gleder meg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så flott! Det er skrive lite om beat-poetane på norsk, men uansett kva som måtte koma trur eg Linda Klakken si bok kjem til å bli ståande som ei påle.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Samd, men vil seia litt om eigen oppleving av denne fine boka.

  • Ytre sett handlar boka om den siste gjenlevande amerikanske beatpoeten, Lawrence Ferlinghetti (f.1919). Ein gong i ungdomen fekk Linda Klakken tak i samlinga ”A Coney Island of the Mind (kjempe tittel!), og boka traff ho midt i livet. I korte kapittel freistar LK å ringa inn Ferlinghetti, via omvegar: eller betre: oppsøkja personar og stader som kan seia noko om Ferlinghetti og beatpoetane. Så ho fortel om dei andre beatpoetane, om politikk og miljø i USA på femtitalet, om norske diktarar som har omsett/ har eit forhold til beatpoetane, m.a. Olav Angell, JEV, Jon Sveinbjørn Jonsson. Det vert gjort gjennom intervju, brevutdrag, korte fine forteljingar. Og ho fortel om reisa si til California for å møte Ferlinghetti

  • Men det er også forteljinga om det som var. Det er ein distanse i forteljinga. Har desse beatpoetane noko å seia oss i dag ? Er livshaldninga deira framleis gyldig, eller passé. Det er altså ingen hagiografi. Det er eit kjærleg, men kritisk, lett mysande blikk på poesien og tida.

  • Eg les og ser på eige liv. Må jo det. Ikkje heilt klar over kvifor, men det er noko i teksten, noko insisterande: kva med deg ? Der du er no. (Kanskje vert eg overflatisk sett prega av at eg er fødd same år som Jon Sveinbjørn Jonsson, han som gjendikta Ferlinghetti til norsk, ein ivrig talsmann for all poesi, men som diverre døydde for eit par år siden.)

  • Kva vert igjen etter oss ? – Kanskje kunne boka brukt same tittel som Tor Ulven: Etter oss, tegn. For boka handlar om , ja dette forgjengelege livet

  • The Big Message: I intervjuet snakkar Ferlinghetti om at verda treng ein ny ”big message” utan at han utdjuper det. Klakken undrast kva dette er og tar spørsmålet vidare til ein del norske skrivande folk. Det kan synast som et (litt unødig) vedheng. På den andre sida vert det ein fin epilog som opnar for nye tankar

Kanskje vart dette noko springande. Men det eg vil sei: Linda Klakken har skrive ei underfundig, spenstig, fin bok. Ho kunne skrive ei straight bok om Ferlinghetti og den ville sikkert blitt bra. I staden for vel ho eit personleg notidsperspektiv som gjer at denne ikkje altfor omfangsrike boka, Den siste beatpoeten, treffer meg, kanskje på same måte som Ferlinghettis A Coney Island of the Mind ein gong treffe forfattar Linda Klakken.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er heilt rett, det er notidsperspektivet og det at Klakken er ung som gjer denne boka interessant. Og som du skriv, vedhenget om kva skrivande norske personar meiner om The big message kunne med fordel gått ut. Eit stort pluss for Klakken sin bruk av personleg synsvinkel - det gjer oss i høgste grad til medreisande.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

RufsetufsaKristine LouiseKirsten LundAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenReadninggirl30TanteMamieOlaugKaren Ramsvikmay britt FagertveitLailaStig TEli HagelundReidun Anette AugustinVibekeMarianne  SkageEinonieLisbeth Marie UvaagLinnAEKikkan HaugenritaolineHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtBeathe SolbergHeidi HoltanJulie StensethPi_MesonChristofer GabrielsenalpakkaGrete AmundsenFinn Arthur JohansenIngunn STine SundalAkima MontgomeryTrude JensenLabbelineEgil StangelandTove AlmaPiippokattaHarald K