Akkurat det kan eg vel ikkje hjelpe deg med, men eg tok denne boka som lydbok no, med Rut Tellefsen (veldig god, bortsett frå når ho er Lavrans og Edvin), og denne kontrasten som du nemner, blir sjølvsagt tydeleg. Det som slo meg no, fyrst og fremst, var at det er så godt å kunne nyte eit kunstverk når ein kjenner det. Og denne boka kjenner eg godt - etter mange gongers lesing i tillegg til film, dans og teater. Ta berre opninga, der vi høyrer om sinnsstemninga til Ragnhild. langt ut i boka forstår vi årsakene til at ho er som ho er. Så: Sluttscenen mellom Ragnhild og Lavrans må vere noko av det sterkaste i norsk romankunst. Dei er aleine, dei to, nakne til grunnfjellet - eit typisk Duun-motiv, forresten (Undset kalla han då òg Noregs største diktar). Kven er så rein at han kan kaste den fyrste steinen? Kven sit ikkje i glashus? Ved at Undset har laga denne ramma for kjærleikshistoria mellom Kristin og Erlend, får tematikken ein ekstra dimensjon: Kven er vi? Kven har rett til å dømme?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg har jo også lest Kristin Lavransdatter mange ganger og i forskjellige faser i livet, og det er fascinerende hvordan jeg oppdager noe nytt hver gang. Jeg er helt enig i at slutten med Lavrans og Ragnhild er utrolig sterk, - men det har jeg først oppdaget i voksen alder, som ung syntes jeg heller den var rar ;-)
Jeg har nå også hørt Kransen som lydbok med Rut Tellefsen, og jeg synes hun var veldig flink (selv til mannsstemmene), - det var så riktig og vakkert. Jeg kan ikke stoppe å fryde meg over Sigrid Undsets språk og skildringene av natur, kultur og menneskesinn!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Marit HåverstadHeidi HoltanBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødGrete AastorpAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  KnudsenSynnøve H HoelHelge-Mikal HartvedtBerit B Lie