Høveleg bra bok i starten, blei betre og betre etter kvart, og poenget som kom mot slutten var bortimot genialt, om enn litt overforklart.

Pi er ein 16 år gamal tamilsk gut frå India, med ei i utgangspunktet original historie; oppkalla etter eit symjebasseng i Paris (Piscine Molitor), trippeltruande (hindu, muslim og kristen) og oppvaksen med familiebedrifta, ein dyrehage. Men dette er berre småtteri mot dei tinga som skjer etter at båten som skal frakte familien og deler av dyrehagen til Canada forliser og Pi havnar i ein livbåt saman med ein sebra, ein orangutang, ei hyene og ein tiger.

Hovuddelen av boka handlar om kva som skjer i livbåten. På den eine sida er det ei nøktern framstilling av kva som må til for logisk sett å kunne overleve i den situasjonen Pi havnar i. På den andre sida er enkelte hendingar etter kvart såpass surrealistiske at det er vondt å avgjere om det verkeleg har hendt eller om det er halusinasjonar frå Pi sin side. Eg spekulerer også på om forteljinga, eller element av den, skal vere ein metafor for noko anna, og det er sikkert mogeleg å trekke parallellar mellom hendingar i livbåten og religiøse eller politiske tilhøve i verda. Men sluttpoenget i boka overtydde meg om at slike eventuelle parallellar ikkje var det vesentlegaste ved boka.

Enkelte stadar, miljø og hendingar er skildra med stor detaljrikdom, og med typer informasjon som eg aldri ville ha tenkt på at nokon kunne vite. Eg greip meg ofte i å spekulere på om dette er tufta på Martel sine eigne erfaringar (og i såfall har han erfaringar eg kanskje helst ikkje vil vite meir om), om det er tufta på informasjon han har fått frå anna hald, eller om det berre er fri diktning. Uasett, dette var med på å løfte forteljinga.

God bok, eg er glad for at eg las den.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Dette anser jeg for å være en god, saklig og informativ bokomtale!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Karin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøienCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOle