Eit meisterverk i kaos - 1700-talets Monty Pyton

Den som trur at collage- og hypertekst-romanar o.l. er noko nytt får pinadød tru om att. Den sjangeren vart oppfunne allereie på 1700-talet. I det minste kom det ut ei slik bok på dei tider. Den boka les eg no: "Tristram Shandys liv og meninger" (Bokvennen, 2002). Det er ikkje ei bok du les i ei handvending. Ikkje nok med at boka er ganske omfangsrik - innhaldet er mildt sagt ganske kaotisk. Eg trur det må vera bortimot noko av det mest vanvittige romanverket som nokon gong er skrive. Å, eg gløymde forfattaren - Laurence Sterne (1713-1768), sokneprest i Sutton, på landsbygda i Yorkshire. Korleis soknebarna såg på han har eg ikkje lese noko om, men han må ha vore ein ganske sprø type.

Tilbake til boka: Hovudpersonen vert ikkje fødd før på side 150 (av ca. 520 sider), og boka kjem aldri lenger enn til den første dagen i livet hans. Undervegs er det duka for sidespor og digresjonar, omvegar og stikkvegar og eg veit ikkje kva i ei einaste heilt sinnssjuk smørje - det vert gjort utførleg greie for jordmora si slekt utan at det har det ringaste med saka å gjera, me får med oss lange utlegningar om Lockes erfaringsfilosofi, heile kyrkjepreikener, juridiske kontraktar, brokkar og bitar av lausrivne sitater og notater osv. osv. i eit einaste kaotisk samansurium. Ein kan ganske trygt seia det slik at "Tristram Shandy" er ei bok som aldri kjem til poenget. Det ser heller ikkje ut som boka er skrive etter nokon som helst plan (men det trur eg faktisk den er).

Men eg gjer likevel ein freistnad på ei slags oversikt: Boka byrjar med samleiet der hovudpersonen Tristram vert unnfanga. Men akten vert forstyrra undervegs då mora brått kjem til å hugsa på at faren har gløymt å trekkja opp stoveuret. Det trekkjer han nemleg opp kvar sundag kveld, same kvelden som han har sitt vekentlege samkvem med ektefellen - "for å få ting unnagjort med det same", som det heiter i boka. Vanlegvis trekkjer han opp klokka først, men no har han altså gløymd det og må bryta av for stå opp og gå og trekkja klokka. Me er på side 12. Boka fortapar seg no i ei rekkje emne - ikkje minst kretsar soga rundt faren, som er amatørfilosof og arbeider med sitt påtenkte hovudverk om barneoppdraging (noko som sysselset han så sterkt at han ikkje får tid til å oppdra sonen). Og om jordmora får me altså også vita ikkje så reint lite - heile slektshistoria, nærast.

Frå det avbrotne samleiet på side 12 sporar forteljinga av i tallause digresjonar som kan strekkja seg over fleire kapittel som omhandlar dei mest utenkjelege emne - tilfeldige døme er snyteskaftet si tyding for personlegdommen (med assosiasjonar til penis), døyping av ufødde born ved hjelp av pipette, raljering over katolisismen, eit kapittel på fransk - viss då ikkje forteljaren gjev seg i kast med heftige diskusjonar og direkte krangling med tenkte lesarar og kritikarar. På toppen av det heile er også forfattaren av boka med i handlinga. Kort sagt - eit sant vanvit, side opp, side ned...

Underleg nok vart boka ein suksess. Romanen kom ut heftevis 1759-67. Kritikken var elendeg. Men Sterne vart lesen og berømt over heile Europa. I dag, 250 år seinare, vert romanen rekna som ein klassikar. Modernistar såg forteljinga som eit komplisert, strukturelt eksperiment. Det vert lagt vekt på intertekstualiteten i verket, og verket sin funksjon som metalitteratur - og på ironien og... ja, ganske enkelt den litterære leiken.

Boka er å få i paperback - mykje galskap for 199 kr.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Tine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLaila