For tida les eg Hans Fallada sitt store romanverk om livet i Berlin under nazitida - "Alle dør alene". Etter krigen kom Fallada over nokre rettsdokument frå Gestapo sine arkiv vedk. eit ektepar frå arbeiderklassa som i åra 1940 til 1942 hadde distribuert 220 håndskrivne postkort med antinazistisk bodskap. Og det er lagnaden til Elise og Otto Hampel som dannar utgangspunkt for «Alle dør alene», som no er nyomsett til norsk. Eg skriv nok meir om denne boka seinare, når eg har lese den ferdig.

Men nett no dette: i Dagbladet si nettutgåve vert boka anmeldt av Arne Dvergesdal i lag med ein historisk dokumentar som tek føre seg det same emnet, "Berlin i krig" av Roger Moorhouse. Meldinga har tittelen "Slik var hverdagslivet i Hitlers hovedstad - To nye bøker kaster nytt lys over mørk fortid". Korleis var livet i Berlin under andre verdskrigen? Kor sterk var oppslutnaden om naziregimet? Kva visste folk flest om jødeutryddingane? Kort sagt, korleis reagerte majoriteten av befolkninga på det intense dramaet dei var delaktige i?

Eg hugsar ein gong for mange år sidan at Kåre Willoch rådde studentane på Handelshøgskulen i Bergen (trur eg) til også å lesa skjønnlitteratur, fordi skjønnlitterære verk ofte er i stand til å forklara politiske og historiske prosessar på ein betre måte enn historiske fagverk. Som døme trekte han fram Hans Fallada sin store suksess frå 1930-talet, "Hva nå, lille mann?" som betre enn noko anna bok forklarer korleis det var å leva under depresjonen, og kvifor nazistane fekk slik framgang.

Og at skjønnlitteratur kan vera ein betre tilnærmingsmodell enn faktalitteratur er også konklusjonen til meldaren i Dagbladet:

"Og spørsmålet trenger seg på: Er det Roger Moorhouses historiske tilnærming eller er det Hans Falladas skjønnlitterære verk som gir det beste bilde av atmosfæren i krigstidens Berlin?

Mitt svar er at sakprosaen i dette tilfellet bare avtegner bleke skygger mot det brede lerretet Hans Fallada spenner opp i sin roman."

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadAmanda AGrete AastorpBente NogvaLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne Jensen