Amalie Skram fanga meg denne gongen mest med dialogen mellom Else og overlegen. Spaninga ligg i om Else får sleppe ut, og eg lurte veldig på kva overlegen eigentleg tenkte. Mot slutten blei boka rørande og traff hjertet mitt, sidan eg følte med Else og hadde fulgt ho heile vegen frå ho lot seg legge inn hos Professor Hieronimus, vidare til St. Jørgen, og no endeleg når ho kanskje blir utskriven og får fridomen tilbake.
Innimellom samtalene mellom Else og overlegen, blei eg kjend med eit knippe av dei innlagde. Mange tragiske menneskeskjebner, alle skildra levande og med medkjensle. Nokre hadde vore der lenge, andre gjekk inn og ut alt etter gode og dårlege periodar.
Som vanleg skriv Amalie Skram heilt glimrande, og eg møtte ord og uttrykk frå ei svunnen tid som eg slo opp og undra meg over, og som gjorde meg klokare.
No når Else endeleg er fri, begynner oppgjeret med Professor Hieronimus. Ho vil skrive om den urett ho har opplevd. Ho er utskriven frå St. Jørgen, men Hieronimus har framleis grep om ho. Berre ved å skrive han ut, kan ho finne fred og få hemn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Både Hard er mitt lands lov og Når landet mørknar har mykje handling til sjøs. Forrådt av Amalie Skram det same, og ikkje minst Den siste viking. Kom også på denne: The Strange Last Voyage of Donald Crowhurst.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Amalie Skram må ha vore ei tøff og modig dame som la seg ut med legestanden. I røynda var det Dr. Pontoppidan som behandla ho då ho sjølv var innlagd, men i boka omdikta til Hyeronimus, attpåtil med professortittel! Lur måte å latterleggjere han ytterlegare! Eg las i etterordet at det heile enda med at Dr. Pontoppidan måtte gå av, etter lang debatt og oppvask kring maktmisbruk i psykiatrien.
Skram briljerer med personskildringar på høgt nivå, og detaljerte observasjonar frå klinikken til Professor Hyeronimus. Boka endar med at Else etter 25 døgn hos professor Hyeronimus blir overført til St. Jørgen sinnsjukehus etter at Hyeronimus på trass diagnostiserer ho som gal. Det siste ho gjer før ho blir køyrt med hest og vogn til St. Jørgen er å skrive eit brev til professoren der ho lovar å ta eit oppgjer med han, og skriv under med "Deres oppriktige fiende".
Amalie Skram rokkar!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Takk for det! Eg har lese begge bøkene før, men er så lenge sidan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spørsmål:
Kan denne boka lesast frittståande, eller bør ein fyrst lese Arvestålet?

Takk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Brilliant bok! Amalie Skram fortel om ekteskapet mellom ei ung, uerfaren jente og ein sjøkaptein som har levd livet. Ho er 17 år og han er 30 år eldre. Det går frå vondt til værre og endar i tragedie, særleg etter at dei legg frå kai.. Gamaldags og nydeleg språk med mange interessante ord og uttrykk frå gamle dagar, både frå kvardagslivet i den kondisjonerte verden og frå seglskiptida.
Forstår veldig godt at Gunnar Staalesen rangerer Amalie Skram som nr. 1.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kva skil bookis frå Finn.no? Eg synes finn.no er veldig greitt for brukte bøker.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ei vakker bok om eit menneskeliv utanom det vanlege. Vi får følgje Hanna frå fattige kår i Sverige, ut på havet og til den portugisiske kolonien Mosambik, der ho ender opp som innehaverske av ein velrenommert bordell. Livet er tilfeldig. Kor vil ho ende opp til slutt? Mankell fortel levande og truverdig, og det er tydeleg at han har stor omsut for kontinentet, kanskje på godt og vondt, og eg tvilar ikkje på at boka har vore svært viktig for han. For min eigen del ei fin leseoppleving. Mankell gjev oss innsikt i forholda i koloni-tida, men let oss også sjå inn i menneskehjarta. Kanskje litt lite som skjer midt i boka, men både starten og avslutninga veg opp for det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje lese boka, men filmen hugsar eg var veldig bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Obligatorisk bok for alle som elskar naturen. Magiske bilder og svært god tekst. Vi får vite interessante saker og ting om insekt og amfibium som lever i vatn. Einaste som trekker ned er at kamerateknikken inneber at skapningane blir kledde i metall før fotografering, og såleis døyr.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjempegod bok synes eg. Sær, men vakker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tips!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig! Beste krimboka eg har lese er Elskede Poona, som er meir ei bok om einsemd og kjærleik enn det er krim. Blir fort slitsomt med spekulasjon i vald og mishandling.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg las ei novellesamling med Mau Passant-noveller for mange år sidan. Hugsar særleg ei novelle som heiter A piece of string. Mau Passant er meisterleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk for tips! Cujo las eg for x antal år sidan.. Kan erindre at eg likte boka. Ikkje greitt med rabies!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette var Hank von Helvete si favorittbok. Eg likar ho veldig godt også. Von Helvete sa noko sånn som at verden er ein for grusom plass for sånne som han og hertug Hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For min eigen del hadde boka djupne, då eg kjente att einsemda til hunden, og det at han resten av livet hadde det i seg å ville vere for seg sjølv og sat og heldt på ein løyndom som eigaren berre kunne ane. Det at mannen fann igjen hunden og at hunden kom til han til slutt frivillig, og levde med mannen og kona hans resten av livet, men likevel var eit mysterium for dei, det likte eg ekstra godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trur ikkje det nødvendigvis er noko gale med deg. Ein roman på over 1000 sider skal vere spesielt god for å vere verdt det, pluss at smaken er som baken: delt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meget interessant!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tinga ho nettopp hos bokmannen i Volda. For øvrig naudsynt for alle bokelskarar å besøke butikken hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundIvar SandGrete AastorpTove Obrestad WøiengretemorAlex NietoIngunn SHanne Kvernmo RyeTine SundalBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonje