Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 23 sitater

Eg fyltest med blygrått tungsinn ved tanken på å vere så fullstendig plassert utanfor andre folk. Mens andre var menneske av kjøt og blod som åt i lag, gråt i lag, var eg eit fugleskremsel som stod midt ute på åkeren, menneskeliknande, men ikkje menneske, og utanfor alle sosiale samanhengar, åleine - men eit fugleskremsel hadde i det minste ein funksjon, og det hadde ikkje eg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jo mindre nokon av oss snakka, jo høgare blei terskelen for å opne munnen og seie noko, jo vanskelegare å trekke pusten, alle tilløp til tankar og formidle hamna i den indre avfallskverna. Slik hadde det alltid vore, med alle, alt eg vurderte å seie høgt, blei først avspelt inni meg, alt verka som parodiar på korleis folk i den verkelege verda snakka, optimistiske forsøk på å snakke normalt og spontant. Inni han var det kanskje berre roleg sjø.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kneip musklane i ansiktet hardt, stirte inn i kvitosten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Butikken var den einaste kontakten eg hadde med omverda, og på butikken var heller ikkje folk å sjå, berre den same eldre kvinna bak disken kvar gong som skulte på meg over den krumme ørnenasen...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Slik hadde det alltid vore, med alle, alt eg vurderte å seie høgt, blei først avspelt inni meg, alt verka som parodiar på korleis folk i den verkelege verda snakka, optimistiske forsøk på å snakka normalt og spontant.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg sakk til botnen. Blei sitjande urørleg til han var gått inn på badet sitt. Bagge, Bagge. Ver så snill, trø lettare på hjartet mitt. Eg reiste meg og gjekk opp med tunge steg. Dette gjekk ikkje an. Eg pussa tennene, vaska ansiktet og gjekk til sengs, hjartet hakka i brystet, raskt, alkoholen kom aldri til å la meg få sove. eg høyrde han kome ut av badet. Eg kneip att augo. Skjønar du ingenting?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det blir vel godt med litt mat. Litt mat og noko attåt. Eg hadde ingenting å svare, tok varene og sette meg på sykkelen. Hadde lyst til å skrike, men tråkka berre hardare. Bagge sin tur. Noko attåt. Eg kjende meg krenkt, men måtte deretter undre meg over kvifor. Kvifor skulle ho, med si tragiske framtoning i sin nedleggingstruga butikk, få meg til å kjenne meg krenkt, om ikkje fordi eg lét meg krenke, fordi eg var lettkrenkt. Fordi eg hadde all grunn til å kjenne meg treft av dei utstuderte, antydande kommentarane ho la fram med mjuk, hånande stemme. Ho trefte. Heldig som har meg. Ho kunne like godt ha skrive “skjøge” i panna mi med kniv, eg var kvalm då eg bar varene inn i entreen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

-eg måtte vedgå at det var ei trøyst i det, eller ein tryggleik, å vite at han hadde vore gift, då måtte han være ok, trass alt, han var ein mann som ei kvinne kunne vere saman med. Det var ikkje berre eg som let meg lure, eller som hadde låge standardar, han var godkjend av ein uavhengig tredjepart -

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No var skogen, naturen, blitt framand, betydde tap av kontroll, før var det heime.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Å leve her var som å ikkje finnast lenger.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaa