Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 18 av 18 sitater

Når menneska snur ryggen til si eiga soge, då fyrst vert dei små.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det nyttar kanskje ikkje for eit menneske, einsamt og kjærleikslaust, å tenkja at det er eitt feitt om ein tek livet av seg eller ei, for det var som om viljen til livet var i kroppen, og kroppen ville visst ikkje ta imot slike rådgjerder frå hugen.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det finst menn som gjer narr av folk som lever på dei hardeste vilkår, og seier at dei lever utanfor sivilisasjonen, men kunne det ikkje vera slik at just der er det meir sivilisasjon å finna enn mange andre stader?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Livet er leidsle og draum,
lognsjø og skjer og fall,
båar og stride straumar,
storm og skodde og mjøll.
Så er det blomar og solskin med.
Men attom himmelhøge fjell
har ingen sett.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og kva er så skilnaden på ein heimelaga ting og den frå fabrikken? Den eine har sjel og den andre ikkje, for den som skapar ein ting med eigne hender, lèt etter seg noko av seg sjølv i det han lagar.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg hugsar eg sa at menneskesamfunn var som eple. Di større, di mindre smak.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men alle har si eiga dør. Og alle vil få sitt indre menneske ut om døra.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sume menneske døyr på grunn av det som er utanfor dei. Andre døyr fordi dauden er i dei frå gamalt av og låser seg om blodårene deira innanfrå. Dei døyr alle. Kvar på si vis. Sume fell i golvet midt i et setning. Andre takkar fredfullt for seg i ein draum. Sloknar då draumen, slik som når ein film ikkje vert projisert på lereftet lenger? Eller skifter draumen berre form og får nytt ljos og nye fargar? Og legg den som drøymer, på nokon måte merke til dette?

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Harald KChristoffer SmedaasIngebjørgDressmyshelfTord TveitStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudsusannaTheaReidun SvensliIngvild SSynnøve H HoelLene AndresenMarianne WollvikJan Arne NygaardAkima MontgomeryHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikTanteMamieFride LindsethAnne-Stine Ruud HusevågKirsten LundRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar h