Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 18 av 18 sitater

Å yte rettferd er umuleg, for rettferd finst ikkje. Men urett finst. Og uretten er lett å kjempe imot, for den spring deg i ansiktet, og da blir alt lysande klart.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Smilet hennar, nakken, hestehalen, den vesle syttitalskjolen, hoftene, ballerinaskoa, og broten med ungar rundt om i landskapet, og kjerrfjerningsprosjekta hennar, og dette laget ho hadde med å svare igjen, tårer når ein minst venta det, og no dette helikopterlyftet av ein diger vakthund på mindre enn fem sekund, det var... Det var for mykje for han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men heldigvis, svalgangen i klosteret heldt stand. Han rusla rundt der med hendene på ryggen, støtta seg til ei søyle og vart ståande lenge og studere forma på svalereira som klorte seg fast oppe i kvelvspennet. Snakk om byggmeistrar... Staden og stunda stod for han som heilt perfekte for eit siste teppefall.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne litt kvalpeklønete, intense iveren, denne umettelege nyfikna, dette behovet for å finne seg Læremeistrar og tyne dei til mergen for kunnskap.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho snakka om døden heile tida. Heile tida... For å trasse den, stikke hòl på dritstøvelen. Fordi ho visste at vi skal den vegen alle, fordi livet hennar gjekk ut på å vite nettopp det, og derfor var det så viktig å ta på kvarandre, elske kvarandre, drikke, bite, nyte og gløyme alt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men alt er forteljingar, Charles ... Absolutt alt, og det er det for alle ... Berre at ein aldri finn nokon å fortelja dei til ...

Også var det nettopp det hun gjorde her :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hepp, små jesusbarna mine......Og skulle de sjå lyset, så passar de dykk for det? Ikkje sant? Og ser ned?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kanskje ville han berre ha fortsett å leve på denne måten, berre litt mer light. Kutta ut alle komma og innskotne setningar og lært seg å setje punktum og linjeskift litt oftare.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaKirsten LundkntschjrldGroTurid Kalvatn SchøyenIngeborg GDagfinn JakobsenellinoronilleJarlenefertitiJulie StensethTuridmajaAnne Berit GrønbechritaolineAnne-Stine Ruud HusevågLinda RastenHarald KToveThomas Røst StenerudAlice NordliLene AndresenTorTone HEirin EftevandGro-Anita RoenTove Obrestad WøienStein KippersundLars MæhlumHeidi HoltanWenche VargasSolVivaLaLivreReadninggirl30Sigrid NygaardgretemorKristine LouiseLisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaStig T