Til slutt tok eg på meg bobledress og gjekk bortom fjøsen. Der la eg meg rett ned. Tankane mine flagra rundt, slik som snøfnugga, og det var ikkje greie på nokon ting. I går hadde tante-farmor levd like mykje som meg, og i dag var ho heilt død. Tenk om eg også døydde. Det kan skje med barn. Tremenningen til Lena døydde i ein trafikkulukke. Han var berre ti år. Døden er nesten slik som snøen, ein veit ikkje kva tid han kjem, sjølv om han oftast kjem om vinteren.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

BenteHeidi BBsomniferumKirsten LundStig TCamillaHarald KPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun SvensliInge KnoffGrete AastorpnefertitiHanne Kvernmo RyeMalinn HjortlandToveStine SevilhaugSilje-Vera Wiik ValeVannflaskeKjersti STine VictoriaHeidi HoltanLabbelineIngunnJNorahJBLinnJeanettePer LundSigrid NygaardMarianneNCathrine PedersenTonjeJane Foss HaugenRufsetufsaJoakimHilde Merete GjessingPernille GrimelandBente Nogva