Vi elsker bøker. Akkurat som deg. Velkommen hjem.
For nokre år sidan las eg Galapagos av Kurt Vonnegut og syns at den var kjempebra. Heilt sidan det har eg hatt ambisjonar om å lese meir Vonnegut og i sommar har eg derfor tenkt å ta med meg eit par vonnegutbøker på ferie. Slaughterhouse 5 og minst ei til. Utanom Vonnegut er det framleis gankske ope...
Dette var fantastisk, og eg er på gråten av frustrasjon over at All Clear ikkje kjem før til hausten. Eg har nett vore i London og er glad for det sidan så mange plassar i London er omtalt, inkludert fleire t-banestasjonar.
Ein blir oppriktig glad i Connie Willis sine historikarar, og eg reknar med at Colin og professor Dunworthy får ein meir framtredande plass i All Clear. Reknar ikkje med at vi er heilt ferdige med Hodbinsbarna heller.
Trur det blir omigjenlesing av Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog i sommar, berre som oppvarming til All Clear.
Eg likar boka ganske godt, men det irriterer meg voldsomt når forfattaren brukar gjerne/hjerne-ordspel i ein samtale som liksom skal foregå på engelsk. Aaargh!
Veldig søt, trist og morsom om Prinsesse Marry. Far hennar, kongen, blir snikmyrda medan han opnar ei bru. Marry og dronninga sine reaksjonar er flott skildra. Alt i korte setningar som ser tinga frå Marry si side. Dette er trist, men også veldig morsomt.

Uncle Chaim raised one eyebrow (an ability I envied him to the point of practicing - futilely - in the bathroom mirrors for hours, until my parents banged on the door, certain I was up to the worst kind of no good.)