Sunndal Skyttarlag's røtter og historie

av (forfatter).

1984 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Jostein Røysets eksemplar av Sunndal Skyttarlag's røtter og historie

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Lokalhistorie

Lesedato

2016

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Utgivelsesår 1984

Format Heftet

Språk Nynorsk

Sider 136

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Denne boka kunne fort blitt ei kjedelig oppramsing av medlems- og resultatlister av liten interesse utanom for dei som er eller har vært aktive i det aktuelle skyttarlaget. Men forfattarane femner vidare enn dette, her får ein solide doser lokalhistorie tilbake til tidleg 1800-tal og med enkelte glimt frå enno tidlegare tider. Vidare inkluderer boka eit lettfatteleg våpenhistorisk oversyn, korte sagn og eventyr frå lokalområdet, små portrett av markante jegerar og skyttarar frå tidlegare tider, og mykje anna rart. Ei lita skattkiste, med andre ord.

Forfattarane ser også ut over det lokalhistoriske perspektivet. Spesielt interessant var det å lese om skyttarlaga sin rolle i striden mellom storting og regjering på 1880-talet. Brorparten av skyttarlaga tok del i ei folkevæpningsrørsle, der tanken var at dei kunne setje makt bak stortinget sine standpunkt dersom det skulle bli naudsynt. Så langt gjekk det heldigvis ikkje.

Boka kom ut i 1984, på bakgrunn av stoff som var samla inn til skyttarlaget sitt 120-årsjubileum i 1983. Det meste av boka er forfatta av Erik Jenstad, men der er enkelte stykke som er skrivne av andre. Boka er illustrert med fotografi, mest av markante personar, men også av diverse gjenstandar og historiske dokument. Der er endåtil notar til ein skyttarmarsj som blei komponert i anledning eit stemne i 1885. Alt i alt ei variert, interessant og underhaldande lokalhistorie-bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ein av dei som låg frampå med heile brystkassa var Bjørnstjerne Bjørnson. Han skreiv ein "opsong" til folkevæpninga som tydeleg oppfordrar skyttarlaga om å stå bak stortingsfleirtalet mot regjeringa og Kongen:

"Under fanen, under fanen,
for vor friheds sag!
Under fanen, norske skytterlag!
Gamlingen på thinget, skal få stemme trygt og kjækt
bagom rifleringe av den unge slægt!"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ola Soleim f. 1844 - d. 1931
Var frå plassen Soleimsjordet i Surnadal. Han kom til Sunndal som seminarist i midten av 1860-åra. Det skjedde på den måten at han gjekk ut frå heimen sin for å gå ein tur i fjellet. Han kom ut for skodde, gjekk tull og kom omsider ned til Gikling i Sunndalen. Her var skulestyret samla til møte og Ola Soleim vart tilsett på flekken som læar for øverbygda! Han vart verande i Sunndalen heile sitt liv og var lærar her i 50 år!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket