Memórias póstumas de Brás Cubas

av (forfatter).

Editora Melhoramentos 2012 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Jostein Røysets eksemplar av Memórias póstumas de Brás Cubas

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Eiga bok, lest 2013

Lesedato

2013

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Forlag Editora Melhoramentos

Utgivelsesår 2012

Format Heftet

ISBN13 9788506004234

Språk Portugisisk

Sider 272

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Du verden, for ei bok!

Machado de Assis blir rekna for å vere Brasil sin fremste forfattar, og denne boka blir reikna som starten på realismen i Brasil.

I boka fortel Brás Cubas, ungkar frå ei velståande familie i Rio de Janeiro, om livet sitt. Det spesielle er at forteljaren er avliden og han fortel dermed frå det hinsidige, noko som gjer at han kan vere absolutt ærleg om alle hendingar, og tankar han har hatt omkring dei, i livslaupet. Han avslører mellom anna på finurlege måtar korleis velgjerningar eigentleg er styrt av forfengeligheit, som t.d. når han gjer eit stort nummer av å finne den rette eigaren av ein gullmynt han har funne, samstudes som han ikkje bryr seg det minste om det same når han seinare finn ein større pengesum.

Ein vesentleg del av boka handlar om kjærleiksforholdet til Virgília, som er gift med ein ambisiøs politikar. Trekantdrama er visst ein vesentlig ingrediens i realismen etter det eg har forstått.

Det mest tiltalande med boka er dei mange krumspringa, der forteljaren vekslar mellom å skildre hendingar han hugsar, kvasi-filosofiske betraktningar, og dialog (?) med lesaren. Hadde eg levd for 133 år sidan, då boka kom ut, ville eg kanskje ha meint at dette var det mest forfriskande eg nokongong hadde lest. Men sidan eg lever i ei anna tid, og er påvirka av andre impulsar, er den subjektive leseopplevinga slik at eg gir ein sterk 4'er til denne. (Eg vil anta at lesarar med vidare litteraturkunnskap enn meg sjølv vil vurdere den høgare)

Boka skal straks kome ut i norsk utgåve. Det slo meg under lesinga at det må vere ei formidabel oppgåve for oversetjaren å få fram alle dei finurlege poenga i forteljinga på ein overtydande måte. Eg heier på Brás Cubas og oversetjaren Christian Rugstad, lykke til!

Skulle det bli mageplask så finnest det eit botemiddel: "Brás Cubas' medisin mot melankoli"!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Slik for åra i veg, men ikkje venleiken hennar, for nokon venleik hadde ho aldri (Kapittel 74)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg begynner å angre på denne boka. Ikkje slik å forstå at eg blir sliten, eg har ikkje stort anna å finne på; … [……] … den største mangelen ved denne boka er du, kjære lesar. Du har det travelt med å eldest, og boka gjeng langsamt fram; du elsker historier som er beint fram og levande fortalt, i ein direkte og flytende stil, medan denne boka og stilen min er som fyllikar, sjanglar frå høgre til venstre, gjeng framover i rykk og napp, surmular, hoier, gapskrattar, hytter med neven mot himmelen, sklir og fell. (Kapittel 71)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det slo meg at trange ridestøvler er ein av dei største velsigningane som finnest på jord, for dei er så vonde for føtene at det er ei pur glede når ein tek dei av. (Kapittel 36)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein annan ting som eg oppfattar som metafysisk er dette: Sjå for deg ei kule, for eksempel, som rullar og treff på ei anna kule. Den rullende kula overfører impulsen til den andre kula, og den andre kula tek til å rulle slik den første gjorde. La oss tenke oss at den første kula heiter …. Marcela, - det er ein enkel hypotese; den andre heiter Brás Cubas; den tredje Virgilia. Sett at Marcela får eit spark frå fortida og rullar i veg til ho treff Brás Cubas, - som blir satt i rørsle av impulsoverføringa og rullar vidare til han støyter på Virgilia, som ikkje hadde noko med den første kula å gjere. Slik kan det hende, ved enkel kraftoverføring, at sosiale ytterpunkt påvirkar einannan og det etablerast eit fenomen vi kan kalle – solidariteten til den mennesklege mothugen. Korleis kan Aristoteles ha gått glipp av dette kapittelet? (Kapittel 42)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar