Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (3) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jorda gir...

Då ein ven baud meg ei eldre utgåve av denne, takka eg ja - hadde høyrt om den.
Og eg er glad for at eg omsider tok meg tid til å lese.

Dette er historia om Wang Lung som i starten av forrige hundreår bur saman med faren svært så fattegsleg ute på landsbygda i det føydale Kina.
Det heile startar med at han gjer seg klar til å gå for å gifte seg med O-lan, ei heller stygg, fattig tenestejente med store føter!! som han aldri har sett.
Berre skildringa av dette var verdt heile lesestunda for meg! Det rørte meg mykje å lese om desse to på den lavaste rangstigen som møttest for å leve eit heilt liv i lag!

Vi får skildra eit hardt liv, med tungt arbeid, barnefødslar, og eit sosialt system der kvinna ikkje hadde mykje ho skulle ha sagt.
Det går fint med dei, heilt til tørke og uår gjer at dei må flykte sørover. Til alt hell selde dei ikkje jorda, så etter nokre år kunne dei vende tilbake. O-lan hadde heilt tilfeldig funne verdisaker, noko som førte til at Wang Lung vart ein velståande mann, han fekk seg endåtil ei kone til!
Det skal snart vise seg at rikdom ikkje alltid gir meir lykke. Det einste som ikkje taper seg i verdi, er jorda.

Pearl S. Buck fekk nobelprisen i litteratur for denne boka som vart utgitt i 1931 første gong.
I 1937 vart boka filmatisert, og også filmen fekk prisar. Vårt lokale bibliotek skaffa meg nyleg filmen, og også den var vel verd å sjå!
Boka fekk terningkast 5 av meg, og filmen fekk minst like mykje

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald AndersenHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAud- HelenGrete AastorpTone HJanne Kristin HøylandAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaMargrethe  HaugenVannflaskeTonesen81Heidi HoltanTurid KjendlieLena Risvik PaulsenMarit HåverstadBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer Gabrielsen