S.

av (forfatter) og J. J. Abrams (creator).

Mulholland Books 2013 Hardcover

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

11 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.com Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Mulholland Books

Utgivelsesår 2013

Format Hardcover

ISBN13 9780316201643

Språk Engelsk

Sider 472

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Kva skal ein sei om "S" av Doug Dorst og J.J. Abrams? Det er ei bok som har ein viss hype, og den har blitt omtala som nyskapande. Då eg opna den vart eg nesten fylt med ærefrykt, ein meir autentisk og vakkert presentert roman har eg aldri sett! Boka ser ut som, og lukter som(!) ei gammal biblioteksbok, komplett med stempel og kaffiflekker. Mellom sidene ligg det ein heil del ting som postkort, foto og brev. Ein vil og fort leggje merke til alle notatane som er gjort gjennom heile boka.

Den fysiske boka ein får i hende er romanen "The Ship Of Theseus" (TSOT) av den fiktive forfattaren V. M. Straka. TSOT handler om "S", ein mann som kjem til seg sjølv utan minner i ein by han ikkje kjenner. Lesaren følgjer S vidare der han blir dels fange og dels passasjer på eit mystisk skip med eit endo meir mystisk mannskap, anført av den formidable kaptein Maelstrom. Det er ikkje direkte angitt nokon tidsepoke handlinga utspeler seg i, men forskjellige hendingar og antydningar kan tyde på at den iallefall starter i tida rett før første verdenskrig og er sett til området rundt middelhavet.
Etter ein storm der S klarer å flykte frå skipet, kjem han seg i land på ei øy i ferd med å bryte ut i borgarkrig. Konflikta står mellom eigaren av våpenfabrikken på øya, Vevoda, og lokalbefolkning og arbeidarar som har fått nok av Vevoda sin voldtekt av øysamfunnet. Utan å gå meir inn på hendingane vidare, er det nok å sei at dette former S si framtid på mange måter.
Eit anna sentralt element i TSOT er S sin søken etter ei ung kvinne han traff i eit lite augeblikk rett etter at han kom til seg sjølv, Sola. Ho sever gjennom livet hans som ein flyktig tanke han berre nesten klarer å gripe.

Alle notatane, bilda, korta og breva danner ramma rundt notidshistoria. Den handler om Jennifer (Jen) og Eric, noverande og tidlegare universitetsstudent. Dei deler ein fascinasjon for den mystiske forfattaren Straka, som ingen egentlig veit kven var, og arbeida hans. Dei kommuniserer ved å skrive små notat i margane på TSOT, og me får snart vete at Eric har blitt ekskludert frå universitetet etter ein episode med ein av professorane, Moody. Denne jobber med ei bok om kven som skjulte seg bak navnet V. M. Straka, men Eric (og etterkvart Jen) er svært uenige i Moody sine konklusjonar, og tar opp att arbeidet med Eric sitt eige manuskript om same emnet. Dei oppdager etterkvart ein heil del hemmeligheter og skjulte beskjedar og kodar i teksten, og ting kan tyde på at nokon slett ikkje liker at dei ripper opp i fortida på den måten.

Romanen "The Ship Of Theseus" var igrunn ein ganske bra roman syns eg, den er spennande og fartsfylt med mange fine språklege bilde. Av og til svulstig og pompøs, andre gongar rett fram og direkte. Og innimellom var og kjærleg. Den er full av metaforar og allegoriar, og har mange scener som spegler "verkelege" hendingar og personar i universet den er sett i. Dessverre blir ein heil del av dei vanskelege å tolke utan Jen og Eric sine notat, då desse er like oppdikta som resten av historia. Hadde V. M. Straka vore ein verkeleg forfattar hadde eg skaffa meg fleire bøker av han, då det alt i alt var ein positiv leseopplevelse.

Jen og Eric si historie er litt vanskeligare å få tak i då den einaste kommunikasjonen mellom dei lesaren får ta del i, er det som blir notert i boka. Det er ikkje ei tydeleg tidslinje, og lesaren mangler heile tida informasjon, og må bruke fantasien aktivt heile vegen. Iflg nettfora kan ein ordne notata etter ei linjær tidslinje ved å sortere dei etter fargen på blekket som er brukt. Det har ikkje eg prøvd, men eg vil gje det eit forsøk det dersom eg leser den på nytt. Ein får etterkvart likevel eit relativt klart bilde på kva som foregår i deira verd, og ein får ei rekke innblikk i både ein gryande romanse mellom dei, og framdrifta i etterforskinga deiras etter svaret på kven V. M. Straka eigentleg var og kva hemmeligheter han skjulte.

Historiane speglar kvarandre på fleire måtar; begge begynner med protagonistane famlande etter noko konkret å halde seg fast i, og dei slutter ganske likt og. I tillegg er kjærleik, tap og smerte sentrale tema i begge historiane.

Dette var ein kretaiv vri på ein "undersjanger" eg var litt hekta på for nokre år sidan; romaner der ei bok spelar ein viktig rolle i plottet. Slik sett er ideen langt frå ny, men "S" er likevel eit friskt forsøk på å vera annleis. For annleis er den heilt klart. Eg likte svært godt å faktisk få lese boka plottet dreier seg om, men eg syns at notidsdelen av boka kunne vore litt bedre utført. Det er opp til lesaren å sjølv fylle ut litt for mange tomrom, og det blir av og til tungt å komme gjennom på grunn av alle dei små bolkane med informasjon ein må setje saman til eit større bilde. Interessant ja, men krevande.

Eg lander på karakteren fire som ei heilhetsvurdering etter første gongs gjennomlesing.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

"What begins at the water shall end there, and what ends there shall once more begin"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Enders spill" av Orson Scott Card
  • "Amerikanske guder" av Neil Gaiman
  • "Den skarpe eggen - den mørke materien II" av Philip Pullman
  • "En kikkert av rav - den mørke materien III" av Philip Pullman
  • "Veien" av Cormac McCarthy
  • "Den gamle mannen og havet" av Ernest Hemingway
  • "Ringenes herre" av John Ronald Reuel Tolkien
  • "Dyrenes gård - roman" av George Orwell
  • "Hobbiten, eller Fram og tilbake igjen" av J.R.R. Tolkien
  • "Harry Potter og dødstalismanene" av J.K. Rowling
  • "Harry Potter og Halvblodsprinsen" av J.K. Rowling
  • "Harry Potter og Føniksordenen" av J.K. Rowling
Alle bokanbefalinger for dette verket