Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Ei ung jente oppdagar seg sjølv og kjenner smerten ved eit brote familieliv. Samstundes med at at mora får ein ny kjæraste, finn hovudpersonen fram til sitt eige begjær.
Omtale fra forlaget
Ei ung jente oppdagar seg sjølv og kjenner smerten ved eit brote familieliv. Samstundes med at at mora får ein ny kjæraste, finn hovudpersonen fram til sitt eige begjær.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2002
Format Innbundet
ISBN13 9788252160086
EAN 9788252160086
Språk Nynorsk
Sider 73
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg skulle ynskje eg kunne sveve over bølgjene. Vere ein liten båt. Slå meg til ro midt ute på havet. Kaste eit garn for å ha noko å ete. Liggje på ryggen, plukke ned skyer og sende dei av stad. Eg skulle ynskje eg kunne vere ein vind som snur tida tilbake. Eller kanskje vere ei stjerne. Kunne vakne om natta. Kunne lene meg ut or mørkret
Det kan hende at eg vaknar midt på natta full av sveitte. Det kan hende at eg har drøymt at mor kyssar far varsamt på panna og at far vaknar av skysset. Men av og til drøymer eg at vi bur ved eit hav. At eg reiser meg opp frå senga og går bort til stuevindauga. Og det kan hende at eg ser ut, betraktar bølgjene, lukkar augo. Ser eit barn som rullar fram og tilbake
Det er meg. Den vesle ungen i den gråmåla senga, i det kvite lyset med dei gule gardinene. Mor sitt andlet over meg. Augo fuktige med kvar si stripe av svart maskara nedover kinna. Kva er det ho ser? Ser ho ungen sin? Den vesle spinkle ungen sin? Ungen med det stinkande hjarta? Det rotne vonde hjarta? Kor kjem denne ungen frå? spør ho. Kor kjem du frå? spør ho meg. Ho tek ikkje på meg. Berre stirer. Mellom meg om henne er det berre luft
Eg vil vere vaken åleine akkurat no. Eg vil kunne sjå inn i natta. Låst som eg flyg blant stjernene. At eg skaper kaos der oppe. At eg stuper inn i natta. At eg lagar ein bulk i mørkret
Eg bad mor om å elske meg. Elsk meg! skreik eg. Mor såg på meg. I dei framande augo hennar såg eg bølgjer som kantra, og ut or den rumlande magen hennar høyrde eg fjell som voks, tre som vart fødde
Mors hjarta har byrja å dele seg. Men kvar gong ho går forbi gravstaden til bror min lukkar ho augo. Mor lukkar augo, med eit kors knytt mellom hjarta
Eg lukkar augo og læst som vi bur ved havet, at hagen utanfor kjøkenet er ei kvit strand. I det mor går frå bordet veltar ho eit glas. Det dett på golvet. Eit dunk. Lyden av eit barnehovud som vert slege mot land
Ei natt drøymer eg om oda. Eg drøymer at vi er vaksne og at vi går langs stranda. Ho tek tak i hendene mine og opnar dei. Så vert ho ståande og sjå på dei lyseraude arra mine. Heilt til ho bøyer seg ned og kyssar dei
Bølgjene klorer mot land. Stranda ligg naken. Eg og oda spring over dei rue sandkorna. Vi spring med attlatne auge. Vi spring hand i hand og flyt gjennom landskapet. Ein dag vil eg stanse opp. oda vil springe vidare
Eg kom for å elske. Men alle reiste for å ta farvel
Her er en liste over hvilke bøker den norske forfatteren, Brynjulf Jung Tjønn, har skrevet.