Johannes Heggland

dokumentarist og forteljar

nærblikk på eit forfattarliv (1919-2008)

av (forfatter).

John Grieg forlag 2021 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Jakob Sæthres eksemplar av Johannes Heggland - dokumentarist og forteljar

Lesetilstand

Ingen lesetilstand

Hylle

biografi

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Johannes Heggland er kjent for store og viktige bokseriar i norsk litteratur gjennom over 60 år, for sine historiske barnebøker, for stor suksess med historiske spel, og som bygdebokforfattar. I to periodar var han ordførar i heimkommunen sin, Tysnes. Åra 1982-85 var han formann i Den norske Forfatterforening, då utropt som «frelsaren» i det som hadde vore ei turbulent tid i foreininga.
Forfattarskapet byrja i 1941 med ein tetralogi (1941-48), der han med første boka, Folk under fjell, vart geni-forklart. Meldarar spurde seg om debutanten var den nye stormeisteren i nynorsk romankunst. Biografien drøftar mellom anna det å gje ut bøker under krigen og fortel korleis Heggland avslo tilbod frå okkupasjonsmakta om å gje ut bøker for det nye, store tyske riket.
Etter blant anna å ha skrive 20 barnebøker på 1960-talet, og fått ei mengd med prisar for desse - dette var bøker som òg for ein del gjekk som høyrespel i radioen - kom det på 1980-talet tre nye bokseriar. Den første var Brødet frå havet, serien om Anna Gyria, kvinna som fenga folk over heile kongeriket.
Heggland avslutta forfattarskapet sitt med 6 bøker i serien Tusen vårar, der den siste kom ut etter at han var død, 88 år gamal. Planen var å ta for seg det siste tusenåret i 10 bøker. Til saman vart det i forfattarskapet skrive 64 bøker gjennom 67 år.
Dei mange historiske spela Heggland skreiv vart ein stor suksess, og særleg kring tusenårsskiftet, då fem spel om kristningskongen Håkon den gode vart spela på ulike stader på Vestlandet. Særleg stor suksess hadde han med Mostraspelet (Bømlo), som over 31 år vart spela for meir enn 100 000 tilskodarar. Etter Stiklestadspelet var dette då det mest kjende historiske spelet i fedrelandet.
I løpet av forfattarskapet fekk han mange prisar. Rett før han fylte 86 år vart han slegen til riddar av 1. klasse av Den kongelege St. Olavs Orden. Det var eit par veker før 86-årsdagen hans.

Bokdetaljer

Forlag John Grieg forlag

Utgivelsesår 2021

Format Innbundet

ISBN13 9788253303871

EAN 9788253303871

Omtalt tid 2000-2009 1900-tallet

Omtalt sted Norge

Omtalt person Johannes Heggland

Språk Nynorsk

Sider 396

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket