Sjølvsagt er det ei bragd i seg sjølv å gjendikte Dante, men eg har faktisk gått gjennom delar av verket i original og samanlikna det med Sigmund Skards versjon - som prøver å føre både rimskjemaet og rytmen hos Dante over til norsk. Då blir resultatet ganske så omtrentleg når det gjeld det innhaldet som Dante formidlar. På ingen måte på jordet, langt derifrå, men av og til farleg nær.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Jeg har en utgave fra bokklubben ,hvor Magnus Ulleland er oversetter.Jeg syntes det var utrolig vanskleig og tungt å lese.Det er mange år siden nå, men orker ikke å prøve meg igjen.Fikk liksom nok den gangen jeg pløyde meg gjennom,skulle lese den ut.Men med skam å melde, den ga meg ikke så mye.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har også denne utgåva, og eg liker denne best fordi Ulleland legg vekt på rytmen framfor enderima. Eg er faktisk imponert over at Ulleland både her og i omsetjinga av "I promessi sposi" klarer å unngå moderne ord. For nokre år sidan prøvde eg meg på ein av songane sjølv, så dersom eg finn at dei linjene som eg gjendikta, kan eg sende dei åt deg - når det no måtte bli.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er kanskje det at jeg er en dårlig nynorskleser.Følte teksten var fremmed for meg, måtte bruke tid på å forstå orda enkelte steder. Kunne jammen vært interessant å lese noe av din oversettelse.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har òg lest Ullelands omsetjing (/gjendikting) av Den Guddommelege komedie og er som deg på mange måtar imponert over arbeidet han har gjort. Er og einig i at det er bra at han har unngått alt for mange moderne ord. Når det er sagt, må eg innrømme at ein del av ordvala hans ikkje falt i smak hjå meg. Til tider kunne det vere ganske vanskeleg for ein uerfaren nynorsklesar å forstå kva han skreiv.. Dette synest eg er synd i og med at Dante skreiv på eit folkeleg mål og at ordvala kan føre til at verket blir meir utilgjengeleg for mange… Men, er uansett svært nøgd med at eg har lest komedien og det er mange scenar frå blant anna inferno eg enno ikkje greier få ut av hovudet..

Eg er forresten imponert over at du har prøvd deg som omsetjar sjølv!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Per LundSigrid NygaardMarianneNCathrine PedersenTonjeHeidi HoltanJane Foss HaugenRufsetufsaJoakimHilde Merete GjessingPernille GrimelandBente NogvaVannflaskeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde H HelsethKarin BerggretemorTanteMamieChristoffer SmedaasPiippokattaKirsten LundStig TLiv-Torill AustgulenellinoronilleBeathe SolbergNabodamaLesevimsaGro-Anita RoenIngvild SCarine OlsrødAnne Berit GrønbechBerit RbrekAvaLisbeth Marie UvaagMorten MüllerLinda RastenThomas KihlmanDressmyshelfEllen E. Martol