Ord over grind

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome iblant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas (1907-1995), Dikt i samling, 2015 (1977)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimPiippokattaBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminJohn LarsenTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaHarald KAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk OttersenGodemineSigrid Blytt TøsdalTralteRisRosOgKlagingPer Åge SerigstadBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenMarianne  Skage