Er heilt einig med deg i alt du skriv her :-) Eg er ein såkalla "woke" person, men at alt mogleg skal strykast frå skjønnlitteraturen, er ikkje berre urimeleg, men blir også umogleg. Denne typen sensur er meint godt, men risikerer å sluke alt han møter. Det blir uråd å dømme objektivt kva som fell innanfor og utanfor det som er greitt. Eg har forståing for delar av denne debatten (sensitivitetslesing av eldre bøker kan ha positive sider ved seg, samstundes som det er problematisk), men dette sitatet er i ein heilt annan kategori enn det eg forbind med den debatten. Eg trur ikkje dette sitatet yter nokon stor skade i dagens eller framtidas samfunn... Dette sitatet er berre eitt av mange døme på korleis vi kan lese tekstar heilt ulikt. Eg las det som ei kjenslevarm skildring, og likte difor sitatet godt. Andre kan mislike det, og det er greitt. Ikkje alle bøker fell i smak hos alle, og det finst heldigvis mykje anna å lese. Kritikk er viktig og fint, men ein skal heller ikkje dømme for hardt. Uansett skisserer LSC det gåtefulle landskapet vi alle går i, der det aldri finst berre éi kjensle. (Vi gjer så godt vi kan, men vi kan aldri heilt vinne.)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMads Leonard HolvikRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergHarald KBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun Svensli