Fascinerande forteljing om to born og lagnaden deira før og under den andre verdskrigen. Den franske Marie-Laure er datter av ein tilsatt ved nasjonalmuseet for naturhistorie i Paris. Ho blir blind som liten, men elskar å vere på museumet saman med faren. Mellom anna er ho veldig opptatt av å lære seg ulike skjell. Men når krigen kjem må ho og faren flykte, og dei tek seg ut til den vesle kystbyen Saint-Malo der dei har slekt. Og ikkje nok med det, faren har tatt med seg ein særs verdfull edelstein frå museet for å berge den frå nazistane.

Werner er tysk, foreldrelaus og lynande intelligent. Han veks opp i ein mistrøstig barneheim i ein like mistrøstig gruveby, men ved heldige omstende blir talentet hans oppdaga, og har blir send til ein eliteskule for gutar med teknisk talent. Han blir involvert i å utvikle eit radiopeilesystem som kan nyttast til å lokalisere fiendtlege radiosendarar, noko som gjer stor suksess når det etter kvart blir krig.

Lagnadane til desse to vevast etter kvart saman, og når Werner sin avdeling kjem til Saint-Malo blir det veldig dramatisk. Ikkje minst fordi nazistane er på sporet av edelsteinen.

I boka vekslar ein mellom å fylgje desse to borna/ungdomane, og ein hoppar også litt fram og attende i tid. Trass dette er det aldri vanskeleg å halde tråden i forteljinga. Teksta er lettlest, med korte kapittel og brukbart driv i forteljinga. Her er knakande gode miljøskildringar, innimellom er det nesten som en er til stades der det skjer. Likevel er det noko som manglar, eg kan ikkje heilt setje fingeren på det, men som gjer at eg held att litt på terningkastet. Men god og underhaldande bok, javisst er den det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Wenche VargasSolVivaLaLivreReadninggirl30Sigrid NygaardLinda RastengretemorKristine LouiseLisbeth Marie UvaagElisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima Montgomery