Det var en mørk og stormfull aften. Eller i det minste regnfull. Og i Stockholm, eller vent, i Solna, eller? I allefall er det ei politipatrulje frå Solna som blir gjort merksame på ein buss som stend på skrå ut av vegbana, så vidt over på Stockholm-sida av kommunegrensa. Politibetjentane sjekkar kvar som er gale, og det viser seg at alle om bord i bussen er skotne, dei fleste har omkome. Mellom dei ein politietterforskar. Her må Stockholms-politiet med Martin Beck i spissen steppe inn.

Mange kjenner kanskje Beck frå TV-serien av same namn? Eg for min del var ikkje klar over at same helten var hovudperson i ein serie på 10 romanar signert Maj Sjöwall og Per Wahlöö og som kom ut på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet. Denne boka er den fjerde i serien, originaltittelen er «Den skrattande polisen».

Det er eit langt sprang frå dagens spennings-krim a la Nesbø og Kepler med heseblesande tempo og bloddryppande detaljar, til den litt meir dempa stilen i denne boka frå 1968. Stilen er nok meint å vere realistisk, eg veit for lite om politiarbeid til å kunne slå fast om det er vellukka, men det er ei tålmodigheitsprøve for Beck & co å etterforske denne saka. Vegen til suksess er ikkje actionprega vågestykke, men nitid innsamling av opplysingar, grundige analyser og, okei då, litt teft og litt flaks skadar heller ikkje. I ekte 1968-stil så inneheld boka også nokre spark til borgarskap og elite.

Jaudå, Beck i bokform var også eit interessant bekjentskap. Kjem eg over fleire av bøkene om Beck på loppemarknad eller liknande så kan det fort hende dei havnar i korga.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Svenskene her ble anerkjent for å skrive realistiske romaner om det nitidige politiarbeidet som antihelten Beck og hans kolleger, enkelte gode poliser, noen bøller og andre bare idioter, drev med. Samtidig med et sosiologisk klasseperspektiv. Lest i filler i mitt barndomshjem, der alle leste dem. Kjøpte mitt eget sett i voksen alder, og neste generasjon leser dem, og spør etter dem med litt ironisk distanse. For de er gode, ikke sant. Uansett politisk ståsted.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethPiippokattaBeathe SolbergAnnaStig TCamillaMathiasAina LøhreTuridmajaTine SundalPirelliAnne-Stine Ruud HusevågFriskusenBerit RBente L.Hilde Merete GjessingHanne Kvernmo RyeEirin EftevandLinda NyrudEgil StangelandHarald Kmay britt FagertveitVegard Nordin LøvåAkima MontgomeryCarine OlsrødNicolai Alexander StyveMai-Britt GrøsfjeldHeidi LRufsetufsaBertyritaolineSolMarit AamdalIngunn SAnne Berit GrønbechSiriG LBjørg L.Lars Johann MiljeBjørn Sturød